Teknikk, uttrykk, balanse, lytting og samdans

Rotation och sväng

Haustens dansekurs nærmar seg. Velkomen til kurs med “Rotation och sväng” i Gimle helga 22.-23. oktober!

UngOsa på Voss

UngOsa logo

I samarbeid med Hardingfela.no inviterar Osafestivalen til storkurs for unge hardingfelespelarar, toradarspelarar, songararar og dansarar mellom 10 – 18 år. Påmeldingsfristen er 2. oktober 2016. 

Juniorsamling for hardingfelespelarar

HArdingfelegut2

Osterøy spel- og dansarlag og Nordhordland spel- og dansarlag skipar til Juniorsamling for hardingfelespelarar i Hordaland, Osterøy helga 04. - 06.nov. 2016.

Bergen ungdomslag Ervingen fyller 10 år!

LjomBergen

I høve tiårsjubileet for samanslåinga av BUL Bergen og BUL Ervingen, inviterer Bergen ungdomslag Ervingen til ei storslått feiring 16.-18. oktober i Bergen med kurs, dans og fest. Alle er velkomne til å vera med på feiringa!

Juniorsamling på Osterøy

Osterøy spel- og dansarlag og Nordhordland spel- og dansarlag skipar til Juniorsamling for hardingfelespelarar i Hordaland, helga 30. okt.-01.november 2015.

Kurs og minnekonsert for Jon Velure

hardanger_740x334

I høve 100 års-jubileet til hardangerspelemannen Jon Velure, inviterer Hardanger Spelemannslag til kurs og minnekonsert på Lofthus 7. november. 

Ungdomskurs på Voss 7.-9. februar

Strekfigurar som spelar

- med fokus på ulike samspelformer

7-9. februar 2014 er det på Voss det skjer! Er du 10 år eller eldre og har spela, sunge eller dansa i meir enn 2 år, vert det denne helga kurs i song, toradar og hardingfele.

Osterøy spel- og dansarlag og Nordhordland spel- og dansarlag skipar til Juniorsamling for hardingfelespelarar i Hordaland, helga 01.-03.november 2013.

hardingfelegutt

Barna vert delt i grupper, etter nivå, der dei mellom anna vil lære nye slåttar, samspel og speleteknikk. Det vert grupper for dei som akkurat har starta å spela, og grupper for dei som har spelt så lenge dei kan hugsa!

Hausten 2013 vert det arrangert Master Class på hardingfela

Knut Hamre
Deltakarane på Master Class Hardanger får tilbod om 10 individuelle enkelttimar med hovudlærar Knut Hamre, samt deltaking på to helgesamlingar med føredrag og workshops med eksterne lærarkrefter.

Osterøy spel- og dansarlag og Nordhordland spel- og dansarlag skipar til Juniorsamling for hardingfelespelarar i Hordaland, helga 02.-04.november 2012.

Barnesamling
Barna vert delt i grupper, etter nivå, der dei mellom anna vil lære nye slåttar, samspel og speleteknikk. Det vert grupper for dei som akkurat har starta å spela, og grupper for dei som har spelt så lenge dei kan hugsa!