Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris for unge utøvarar på hardingfele

Audhild

Styret for minneprisen ber med denne utlysing om å få inn forslag på unge utøvarar på hardingfele som vil vera aktuelle som kandidatar til prisen i haust. 

Formålet med minneprisen er å styrke interessa for utøving på hardingfele mellom unge, og slik oppmuntra til varig interesse for spelet. Minneprisen skal delast ut til ein lovande utøvar på hardingfele. Personen skal vera i alder som svarar til C-klassen på kappleik, og vera frå Vestlandet. Det skal vera eit personleg stipend. 

Minneprisen skal delast ut på Vestlandskappleiken 2018, og er på kr. 15.000,-.
Kappleiken finn stad på Voss 26. –28. oktober 2018, same helga som Osafestivalen.

FRIST for innsending av forslag er 05.10.2018.

Forslag skal sendast til:
Bergen ungdomslag Ervingen, Kong Oscarsgt. 15, 5017 Bergen
E-post: kontoret@bergen.ungdomslag.no
Merk konvolutten/e-posten ”Minnepris 2018”.

For meir informasjon, sjå www.bergen.ungdomslag.no/minnepris/