Kontaktinfo
HORDALAND FOLKEMUSIKKLAG
Telefon: 90844662
Epost:
AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES SIN MINNEPRIS
TIL UNGE UTØVARAR PÅ HARDINGFELE
Formålet med minneprisen er å styrke interessa for utøving på hardingfele mellom unge, og slik oppmuntra til varig interesse for spelet. Minneprisen skal delast ut til ein lovande utøvar på hardingfele. Personen skal vera i alder som tilsvarer C-klassen på kappleik, og vera frå Vestlandet. Det skal vera eit personleg stipend. Prisen er etablert til minne om Audhild Flaktveit Moxnes som var aktiv utøvar på hardingfele og dansa folkedans. Audhild omkom i ei trafikkulykke 19. mars 2004, 17 år gammal.
Minneprisen vert delt utdelt på Vestlandskappleiken kvart år.
I styret for minneprisen sit:
Solgunn Margaret Flaktveit, Sigrid Therese Moldestad, Eva-Marie Toppe og Vegard Opheim.
Tidlegare vinnarar er:
Ingeborg Bringslid (2010)
Maria Skjeldrum Toppe (2009)
Erlend Apneseth (2008)
Alexander Aga Røynstrand (2007)
Les meir på Bergens Ungdomslag sine nettsider