Føresegner for Hordaland Folkemusikklag

Fylkeslaget for folkemusikk og folkedans, skipa 1982

Endra 1997, 2004, 2011

 

§ 1 Føremål:

Hordaland folkemusikklag (HFL) skal arbeida for å fremja interessa og aktivitet innan folkemusikk og folkedans som det er tradisjon for i fylket.

 

§ 2 Oppgåver:

HFL skal:

- Medverka til skiping av nye lokallag

- Ta opp saker av interesse for medlemmane, og halde kontakt med fylkeskommunale styresmakter.

- Organisera opplæring - og kursverksemd.

- Syta for at det blir halde fylkes-og distriktskappleikar.

- Søkja kontakt med andre organisasjonar, lag og einskildpersonar det kan vera verdfullt og naturleg å samarbeida med.

 

§ 3 Medlemsskap:

Hordaland Folkemusikklag er tilslutta Folkemusikk- og folkedansorganisjasjonen i Noreg (FolkOrg).

Alle lokallag i fylket tilslutta FolkOrg er medlemmer i HFL.

 

§ 4 Årsmøte:

- Årsmøtet er høgaste instans i HFL, og vert halde kvart år i mars månad.

- Rekneskapen skal følgja kalenderåret.

- Alle medlemslag har rett til to utsendingar med framleggs- og røysterett til årsmøtet.

- Saker som skal handsamast på årsmøtet må meldast skriftleg til styret innan 31.januar.

- Styret fastset tid og stad for årsmøtet og sender skriftleg innkalling til medlemslaga 3 veker før møtet. Saman med innkalling skal følgja årsmelding, rekneskap og liste over innkomne saker til handsaming.

- Årsmøtet er vedtaksført når det er lovleg innkalla.

- Alle saker utanom vedtektsendring og oppløysing, vert avgjort med vanleg fleirtal. Ved likt røystetal har leiar dobbelrøyst.

- Styremedlem har ikkje røysterett ved handsaming av årsmelding og rekneskap.

 

Dagsorden på årsmøte:

1.     Namneopprop

2.     Godkjenning av innkalling

3.     Godkjenning av sakliste

4.     Val av møtereferent (ar)

5.     Val av møteleiar

6.     Val av to protokollunderskrivarar

7.     Årsmelding

8.     Revidert rekneskap

9.     Innmelde saker

10.   Handlingsplan for komande år

11.   Fastsetjing av kontingent

12.   Val: Leiar 1 år, 1 styremedlem for to år, to varamedlemer for 1 år, 2 revisorar for eit år og tre personar til valnemnd for 1 år. Alle val skal vera skriftleg dersom nokon ber om det.

 

§ 5 Omframt årsmøte:

Dersom styret eller 1/3 av medlemslaga krev det, skal det haldast omframt årsmøte. Omframt årsmøte skal innkallast seinast 3 veker før møtet. Saman med innkallinga skal følgja saksliste.

 

§ 6 Styret:

- Styret skal vera samansett av 1 leiar, 2 styremedlemer og 2 varamedlemer.

- Styret konstituerer seg sjølv.

- Styret er ansvarleg for gjennomføring av årsmøtet, i samsvar med desse vedtektene.

- Styret leier den daglege drifta av laget, slik vedtektene seier, og etter dei retningsliner årsmøtet dreg opp.

- Styret vel utsending til årsmøte i FolkOrg.

- Leiar kallar inn til møte så ofte som naudsynt.

- Styret er vedtaksført når det er fulltallig.

- Notat frå styremøta skal sendast til medlemslaga snarast råd etter møtet eller kunngjerast på laget si heimeside.

 

§ 7 Vedtektsendring:

Endring i desse vedtektene kan berre gjerast på årsmøte, og må då ha minst 2/3-dels fleirtal.

 

§ 8 Oppløysing

- HFL kan berre oppløysast etter årsmøtevedtak, og må då ha minst 3/4-dels fleirtal.

- Laget sine eigneluter skal då takast vare på av FolkOrg.

- Dersom laget ikkje vert teke oppatt på same grunnlag innan 5 år, skal FolkOrg og eit leiarmøte i fylket avgjera på kva måte eventuelle midlar kan nyttast til beste for folkemusikken og den tradisjonelle folkedansen innan fylket.

 

§ 9 Økonomi

Styremedlemer står ikkje økonomisk ansvarleg for drifta av HFL.