HFLopplæring

Ny satsing i Hordaland Folkemusikklag

Barnesamling

Styringsgruppa i HFLopplæring består av Elna F. Selle, Johanna Mjeldheim og Tuva Bolstad.

Gruppa har som formål å få til eit samarbeid som kan binda kommunane i fylket si folkemusikkopplæring saman. Dei ønsker å oppnå eit betre samarbeid mellom kulturskule, folkemusikklag og lokale krefter. Dette består blant anna i å danne eit faglig nettverk som er opent for alle som driv med folkemusikk og folkedansopplæring i fylket. Eit felles repertoar i opplæringa er eit av elementa i dette nettverket. Felles kurs for instruktørane i fylket vil og bil ei satsing. Målet er å få eit meir sammensveisa folkemusikkmiljø på tvers av kommunane. I arbeidet med born og unge vil allereide eksisterande arenaer (kurs og kappleikar) nyttast som arena. Nokon av kursa vil fungere som «knutepunkt-kurs». Desse ønsker me i lag med aktørane, å utvikle til eit breidare tilbod med tanke på fleire ulike kurstilbod og eit større geografisk målgruppe-område. Det er og ønskeleg å få i gong oppstart av opplæring i nye område. 

Gruppa har til no hatt eit møte der dei har vedteke å danne ein digital plattform som skal fungera som informasjonskanal mellom HFLopplæring og dei ulike opplærings-instansane. 

  • HFL si heimeside vil fungere som ein felles digital møtestad, der det i større grad enn i dag vert delt informasjon om kurs og aktiviteter i lokallaga i fylket. Kurskalenderen og oppslag om kursa vil være sentrale.
  • Ein ny knapp til kontaktinformasjon til dei ulike aktørane for opplæring vil komme opp på HFL si heimeside.
  • Gruppa vil bygge ein database med e-postadressene til alle aktørane som driv med opplæring i fylket. Dette vil fungere som ein kommunikasjonskanal mellom HFLopplæring og aktørane.
  • Ein drop-box for utveksling av felles repertoar vil bli sendt ut til aktørane.