Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris til unge utøvarar på hardingfele vart i 2012 tildelt Nikolai Storevik frå Stryn i Nordfjord.

Minneprisvinnar 2012Nikolai Storevik har synt ei særskild god utvikling siste åra. Prisvinnaren merkar seg ut med ein uvanlig sterk musikalitet og ei kreativ evne til å skape sjølv.
Nikolai har fått opplæring frå fleire sterke tradisjonsutøvarar i sitt område (m.a. Arne M. Sølvberg). Han har delteke på kappleikar med gode resultat, i fleire klasser. Det er ein ung utøvar som ynskjer å satse på folkemusikken og som drøymer om å gjere den til leveveg. Nikolai går på musikklinje på vidaregåande skule med hardingfele som hovudinstrument. Årets prisvinnar har allereie motteke fleire stipend og prisar, deriblant Drøymestipendet og Emil Bolstads legat. Han representerar ein region som har ein sterk identitet i begge feletypar, både hardingfele og vanlig fele.


Det var fleire gode kandidatar til årets minnepris. Kandidatar frå heile vestlandsregionen. Gode unge utøvarar på hardingfele. Alle verdige vinnarar kvar i seg. Når styret har valt ut årets vinnar la vi vekt på særs gode skussmål og ikkje minst ein ung fremmadstormande utøvar med sterk eigainteresse for folkemusikk og felespel.


Minneprisen er på kr 10 000 og vart delt ut under vestlandskappleiken på Lonevåg på Osterøy.


Formålet med minneprisen er å oppmuntre unge lovande utøvarar på hardingfele. Prisen er etablert til minne om Audhild Flaktveit Moxnes som var aktiv utøvar på hardingfele og dansa folkedans. Audhild omkom i ei trafikkulykke 19. mars 2004, 17 år gammal.


I styret for minneprisen sit: Solgunn Margaret Flaktveit, Sigrid Therese Moldestad, Vegard Opheim og Eva Marie Toppe.