Kulturskuletilbod i Hordaland

I Vestland fylke har alle kommunane (43)kulturskuletilbod. I* eindel av desse er det og tilbod innanfor folkemusikk/folkedans - ofte då med eit samarbeid med lokalt spelemannslag el.dansarlag. For Hordaland sitt vedkomande er det 9 som pr. september 2023 har slikt tilbod. 

Det bør og nemnast  "Nøringen", eit unikt tilbod til 4-6 åringar som er i Voss og Hardangerkommunane. Det er eit samarbeid mellom kulturskulane i Hardanger og på Voss, Hardanger Spelemannslag, Voss Spelemannslag, Kvemmingen spel – og dansarlag og hardingfela.no

Bergen kulturskole

Opplæringstilbod: Individuell hardingfeleopplæring i alderen 7-20 år. Samspelstilbod i Bergen Juniorspelemannslag for barn i alderen 8-18 år (må ha spela 1år).

Stad: Bergen kulturskole, strømgaten 20 (fredagar), Christi Krybbe Skole (mandagar), Midtun skole (tirsdagar), Skranevatnet skole (onsdagar)

Kontaktinfo: Kristin Kvam v/Bergen Kulturskole tlf 55 56 80 56
                  eller elna.selle@gmail.com

www.bergen.kommune.no/omkommunen/avdelinger/bergen-kulturskole

 


 

Bjørnafjorden kulturskule

 

Bjørnafjorden kulturskule tilbyr undervisning i hardingfele på alle nivå - frå nybegynnar til vidarekomne.
Undervisninga går føre seg i Eikelandsosen og Oseana. Vi nyttar sjeldan notar, for hardingfeletradisjonen blir hovudsakleg lært ved lytting og gjentaking. Undervisninga tar utgangspunkt i eleven sine føresetnader, alder og utvikling. Hovudmål for opplæringa er meistring og speleglede. Eleven skal lære grunnleggjande ferdigheiter og utvikle eit godt spelegrunnlag for å vekse som musikkformidlar.

https://bjornafjorden.kommune.no/kultur-idrett-og-fritid/bjornafjorden-kulturskule/kulturskulen-sine-tilbod

 


 

Osterøy kulturskule

Opplæringstilbod: Individuell hardingfeleopplæring for born i førskule- og grunnskulealder.

Stad: Undervisninga vil gå føre seg på ettermiddagstid. Tid og stad vil elles bli avtalt mellom elev/lærar

Kontaktinfo: Silje Solberg, tlf 915 94 468, silje_sol@hotmail.com
                  frank.windt@osteroy.kommune.no

Osterøy har og tilbod på torader.

www.osteroy-kulturskule.no/

 


 

Voss kulturskule

Kveding.

Kulturskulen tilbyr gruppeundervisning i kveding.

Påmelding på Voss Herad si heimeside via Kultur, idrett og fritid.

De kan koma med ynskje i påmeldinga.

Aldersgrense: Frå 5 år.

 

Kulturskulen tilbyr enkeltundervisning i hardingfele. 

Påmelding på Voss Herad si heimeside via Kultur, idrett og fritid.

De kan koma med ynskje i påmeldinga.

Aldersgrense: Frå 8 år.

Toradar

Fagplan for toradar i Voss kulturskule

På toradar på Voss vil du få individuell undervisning med ein speletime (22,5 minutt) i veka. 

I Granvin kan ein velje mellom gruppeundervisning (kring 3 elevar i kvar gruppe, 45 minutts undervisning i veka) eller individuell undervisning med ein speletime i veka.  

Etter kvart tilbod vil du få tilbod om å vera med i toradargruppa «Vossakrutt» på Voss og «G-belgane» i Granvin. Det vil vera nært samarbeid mellom «Vossakrutt» og «G-belgane» i høve repertoar og nokre samlingar saman.

https://voss.herad.no/tenester/kultur-idrett-og-fritid/kultur/voss-kulturskule/fagtilbod-pamelding/folkemusikk/

 

 

Eidfjord kulturskule

Hardingfele

  • elevane lærer å spela tradisjonsmusikk frå hardangerregionen
  • lærer å spela aleine, og saman med andre
  • lærer å spela etter gehør

Kulturskulen har nokre få feler, som me lånar ut til elevane

Barn frå og med 2. klasse kan melda seg på

Undervisninga går i kulturskulen sine lokaler på Samfunnshuset

https://www.eidfjord.kommune.no/tenester/kultur-idrett-og-fritid/kultur/kulturskule/musikk/

 


Kvam kulturskule

Hardingfele:

Hovudsakleg gehørbasert opplæring, men ein får gjerne også lydfiler til å hjelpa seg. Det vert også litt opplæring i notar. Ein har individuell opplæring 3o min / veke. Hardingfeleelevane i Kulturskulen samlast nokre gonger i halvåret for å spele saman. Det er både triveleg og lærerikt.

I høve til fiolin, som er eit naturleg strykeinstrument å samanlikna seg med, er det faktisk fleire forskjellar enn ein ser ved fyrste augnekast. Ein stryk på fire strenger som på fiolinen, men hardingfela har 4 eller 5 understrenger som forsterkar tonane. Stolen som strengene ligg på, er flatare enn på fiolin. Dette fordi ein spelar mykje på to strengar samstundes. Hardingfela kling lysare enn fiolin. Etterkvart lærer ein å stemma fela sjølv. Ein får læra seg både lokale slåttar og songar frå andre plassar i landet.

Toradar:

Toradaren kan ved fyrste augekast sjå ut som eit lite trekkspel, men sanninga er at det er store skilnader mellom dei to instrumenta. Toradaren er mykje brukt i folkemusikk, men også i andre genrar. Her kan du få læra alt frå lokale slåttar og kjende melodiar til melodiar henta frå populærmusikken og visetradisjonen.

https://www.kvam.no/tenester/kultur-idrett-og-fritid/kvam-kulturskule/fagtilbod/

 

Masfjorden kommune

Elevopptak vert gjort om våren, med søknadsfrist 12. april 2023. Ein har dei siste åra hatt om lag 140 elevplassar, og me har ingen venteliste. All aktivitet i kulturskulen utgjer om lag 4,5 årsverk.

Masfjorden har tilbod til trekkspel og torader.

https://www.masfjorden.kommune.no/innhald/oppvekst-og-undervisning/masfjorden-kulturskule-masfjorden-idrettsskule/masfjorden-kulturskule/

 

Ullensvang kulturskule

Kulturskulen ynskjer at kvar enkelt elev skal få opplæring i musikk ut frå sine eigne føresetnadar, slik at eleven får eit meiningsfylt og stimulerande tilbod. Kulturskulen underviser i song/kor, band, korps, musikkteknologi og mange instrument.

Du kan få undervisning i rytmisk, folkemusikk og klassisk musikk, individuelt og i grupper. Lærarane i kulturskulen nyttar seg av ulike undervisningsmetodar i si undervisning.

Eit hovudmål er at alle elevar skal ta del i samspelsaktivitetar så snart som mogeleg, og at alle elevar skal få bidra til huskonsertar, institusjonskonsertar eller andre opptredenar i løpet av året. Me har også gode lærekrefter innen musikk- og videoproduksjon, så ein kan spele inn og leggje ut innslag.

Ullensvang kulturskule har tilbod innan hardingfele, torader og trekkspel.

https://ullensvang.kommune.no/seksjon/kultur-idrett-og-fritid/kulturskulen/

 


Ulvik kulturskule

Opptakskrav: 

  • Busett i Ulvik herad.
  • Kulturskulen er open for alle, men born i førskulealder og elevar i grunnskule vert prioriterte
  • søknadsfrist 1. juni

Undervisningsstad/Tid: Brakanes skule. Etter skuletid/ettermiddag i samarbeid med lærar/elev.

Ulvik har tilbod om hardingfeleundervisning!

https://www.ulvik.kommune.no/tenester/kultur-idrett-og-fritid/kultur/kulturskulen/