Dans, spel og song- alt pao ein gong!

DSS

Helga 8.-9. mars vert det kurs i folkemusikk og folkedans i Granvin. Og det er mogleg å få med seg gode konsertar og dansespel i same slengen!

Folkemusikkhelg på Osterøy

Folkemusikkjam

Helga 25.-26. januar kan du få med deg både konsertar, kurs og dans med meir på Osterøy! 

Nyttårsfest i Trudvang

Skultbakkalaget

Hardanger spelemannslag inviterer til nyttårsfest i Trudvang i Granvin den 12. januar. I forkant av festen er det ope møte med informasjon om Landsfestivalen 2019 og Bygda dansar i Hordaland.

Den livsviktige leiken

Bilete frå boka Syng og leik i dag av Sudmann

Born og unge har ein kvardag fylt av stress og prestasjonsjag. Astri Sudmann brenn for å skape trygge og rause oppvekstmiljø, og meiner løysinga kan vere enkel: Meir leik. I haust vart boka hennar "Syng og leik i lag - 65 songleikar fro store og små" lansert under Osafestivalen.

Vinnarane av årets folkemusikkstipend

Stipendvinnarar 2018

Under Osafestivalen vart årets folkemusikk- og folkedansstipend for Hordaland tildelt Knut Hamre, Amalie Kinsarvik Tvilde og Åsmund Øydvin.

Minnepris til ung hardingfelespelar frå Volda

Åsmund Arnesen, minnepris 2018

AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES SIN MINNEPRIS  2018 er tildelt 16 år gamle Åsmund Arnesen Farstad frå Volda. Prisen, som er på 15 000 kroner, vart delt ut på Vestlandskappleiken på Voss laurdag 27. oktober.
 

Folkedanskveld i Oseana

Os spelemannslag. Foto: Os spelemannslag

Os Spelemannslag, Spelemannslaget Fjellbekken og visegruppa Konvaljen spelar til dans i kulturhuset Oseana på Os laurdag 13. oktober.

Folkemusikk og eksperimentell musikk – er begge delar samtidsmusikk?

Anne Hytta - foto Invild Skeie Ljones

Onsdag 3. oktober foreinar folkemusikk- og samtidsmusikkmiljøet krefter og diskar opp med ein spennande aften i Gimle i Bergen. Her får ein servert musikk frå dyktige og utforskande utøvarar og interessante diskusjonar kring tradisjon og eksperimentering i musikken.  

Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris for unge utøvarar på hardingfele

Audhild

Styret for minneprisen ber med denne utlysing om å få inn forslag på unge utøvarar på hardingfele som vil vera aktuelle som kandidatar til prisen i haust.