Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris - utlysing

Til unge utøvarar på hardingfele

Audhild Minnepris

Kjenner du aktuelle kandidatar til Minneprisen for 2021? Send inn forslag innan 17.september. 

Styret for minneprisen ber med denne utlysing om å få inn forslag på unge utøvarar på hardingfele som vil vera aktuelle som kandidatar til prisen. Føremålet med minneprisen er å styrke interessa for utøving på hardingfele mellom unge, og slik oppmuntra til varig interesse for spelet. Minneprisen skal delast ut til ein lovande utøvar på hardingfele. Personen skal vera i alder som svarar til C-klassen på kappleik, og vera frå Vestlandet. Det skal vera eit personleg stipend. 

Minneprisen skal delast ut på Vestlandskappleiken 2021, og er på kr. 15.000,-. Kappleiken finn stad: 8.-10. oktober i Granvin.

FRIST for innsending av forslag er fredag 17.9.2021. Forslag skal sendast til:

Bergen ungdomslag Ervingen, Kong Oscarsgt. 15, 5017 Bergen
e-post: kontoret@bergen.ungdomslag.no

Merk konvolutten/e-posten ”Minnepris 2021”. For meir informasjon, sjå www.bergen.ungdomslag.no/minnepris/