Kontaktinfo
HORDALAND FOLKEMUSIKKLAG
Telefon: 90844662
Epost:
AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES SIN MINNEPRIS
AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES SIN MINNEPRIS
AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES SIN MINNEPRIS
TIL UNGE UTØVARAR PÅ HARDINGFELE
TILDELING HAUSTEN 2025
Styret for minneprisen ber med dette om forslag på unge utøvarar på hardingfele som kan vera aktuelle kandidatar til prisen.
Formålet med minneprisen er å styrke interessa for spel på hardingfele mellom unge, og slik oppmuntra til varig interesse for spelet. Aktuelle kandidatar må vera i alderen 12 til 18 år som svarar til C-klassen på kappleik, og dei må vera frå Vestlandet. Prisen er eit personleg stipend.
Minneprisen skal delast ut på Vestlandskappleiken 2025, og er på kr. 20.000,-.
Tid og stad for utdelinga er 10.-11. oktober, i Øystese.
FRIST for innsending av forslag er fredag 12. september.
Forslag med grunngjeving skal sendast
med brev til: Bergen ungdomslag Ervingen, Kong Oscarsgt. 15, 5017 Bergen
eller med e-post til: kontoret@bergen.ungdomslag.no
Merk konvolutten eller e-posten med ”Minnepris 2025”.
For noko meir informasjon, sjå www.bergen.ungdomslag.no/