Bergen ungdomslag Ervingen fyller 10 år!

LjomBergen

I høve tiårsjubileet for samanslåinga av BUL Bergen og BUL Ervingen, inviterer Bergen ungdomslag Ervingen til ei storslått feiring 16.-18. oktober i Bergen med kurs, dans og fest. Alle er velkomne til å vera med på feiringa!

Jubileum i fleng
I tillegg til tiårsjubileet for samanslåinga, er det 50 år sidan BUL Bergen kjøpte Fensal, og 100 år sidan BUL Ervingen tok over Gimle. I høve jubilea, vert det invitert til konsert og lansering av jubileumshefte på fredagskvelden. Torgrim Ljones vil så ta oss med gjennom historia til bygardane Fensal og Gimle.

Kurs
Gjennom helga vert det fleire kurs i både spel, song og dans som ein kan delta på. Blant anna kjem sjantimann Haakon Vatle og held kurs i sjantisong og historia kring desse arbeidssongane. Den allsidige danse- og spelemannen Vegar Vårdal vil halde dansekurs, og Judith Vestreim kjem til å ha kvedarkurs for både vaksne og born. Det vert kurs på både hardingfele og flatfele med John Ole Morken, der ukjente slåttar frå Hardanger og pols frå Rørostraktene står i fokus. Kor e' tonen inviterer til korkurs for alle som vil prøve å syngje i kor, med instruktør Inger-Lisa Møen. For dei som er interesserte i teater, så vil det verte tre ulike teaterkurs med Veslemøy Mørkrid, som er ein av Noregs beste improvisatorar.

Fest og dans
Ingen jubileumsfest utan ein skikkeleg festmiddag på laurdagskvelden, etterfylgt av ein god gamaldags leikfest i Storsalen i Gimle. Det vert turdans, songdans, og fridans heile kvelden. For dei som vil ta ein pust i bakken frå all dansen, vert det songkafé og buskspel i 2. høgda, der Ungdomsringen vil sørgje for kaker og kaffi.

For borna
Sundagen vert det kurs for born, der ein kan lære kveding med Judith Vestreim, såvel som gamle bergenske «Inn-til-vegge»-leikar. Etterpå vert det familiefolkedans i Gimle, der Bergen juniorspelemannslag spelar opp til dans. Det vert sjølvsagt høve til å få seg pølser og kaker, som seg hør og bør når det er bursdag.

 

Sjå nettsidene til Ljom i Bergen for fullstendig program, omtale av instruktørar og informasjon om overnatting: www.ljombergen.no

Billettar kjøper ein her.

Facebook