Det er med sorg HFL får vita at Jon Jelmert og kona Marit omkom i ei tragisk ulukke i Fusa 27.01.13

Minneord til JonJon har vore sentral i folkemusikken , som ein dei som tok inititativ til å oppretta HFL, som den første leiaren.
Jon var vel likevel først og fremst pedagogen og inspiratoren for fleire generasjonar av
komande spelemenn -- omtykt, inspirerande og heilt unik i sitt engasjement og sin evne til å formidla kunnskap.
Våre tankar går til familien, først og fremst dei tre ungdomane som sit att utan mor og far. Tapet er ikkje til å fatta.
Vi kan lite gjera, anna enn å seia takk til Jon og Marit og lysa fred over deira minne. "


Per Øyvind T.