Fjellljomfestival og kurs!

Til lokallagsleiarar i Hordaland,


Vi ber med dette om at informasjonen om dette flotte kurstilbodet vert
spreidd til medlemmer i lokallaga!

På Fjelljomfestivalen vert det kurs, konsertar og dans laurdag 1.
oktober. Her følgjer informasjon aktivitetane på festivalen:

Kurstilbod på Fjelljomfestivalen 1. oktober 2022
Fjelljomfestivalen har i år satsa på korte inspirasjonskurs laurdag 1.
oktober på Fjelli i Stryn. Vi samarbeider med Sogn og Fjordane
Folkemusikklag sitt rekrutteringstiltak TØFT som er eit glimrande
gratistilbod til dei opp til 19 år. Men alle kursa er opne for alle, og
avgifta er berre kr 100,- for vaksne. (Medlemer i Fjelljom gratis.)
Kl 1000 – 1230:
Trekkspel, nybyrjarar. Lærar Emil Horstad.
Trekkspel, litt meir øvde. Lærar Håvard Svendsrud
Fele, nybyrjarar. Lærar Nikolai Storevik
Fele, litt meir øvde. Lærar Ingunn Linge Valdal
Hardingfele. Lærar Åsmund Arnesen Farstad
Runddans. Lærarar Asbjørg og Arne M. Sølvberg
Kontrabass. Lærar Svein Haugen

Kl 1500 – 1745:
Munnharpa som kompinstrument. Lærar Olav Wangensteen
Halling. Lærar Anders Aasberg
Folkesong. Lærar Dag Vanberg

Omtale av lærarane finn de på Fjelljomfestivalen si Facebook-side.

Meininga er at det skal vere råd å delta på to aktivitetar. Til dømes
kan ein kombinere felekurs/halling eller runddans/song. For dei som
ikkje finn nokon kombinasjon som høver, kan vi vurdere tilbod for fele
(nybyrjarar), hardingfele og trekkspel også i økta etter lunsj, for vi
ser gjerne at alle kursdeltakarane set av heile dagen og blir med på
festen i Fjellvarden om kvelden kl 2000.

Kl 1330 i Fjellvarden: Anders Viken i ord og tonar. Øyvind Lyslo og Arne
M. Sølvberg held konsert.

Overnatting med frukost kan ordnast frå fredag kveld til søndag morgon
på Nordfjord Fritidssenter, der og fleire av kursa held til. Dei som er
i TØFT-alder får gratis overnatting og servering.

I Fjellvarden vert servert lunsj kl 1230 og middag kl 1800.

Påmelding (og evt spørsmål) til Arne M. Sølvberg, tlf 48151317 eller
epost arnsoelv@online.no, helst innan 26. september.

--
Vennleg helsing

Nikolai Storevik
Dagleg leiar
Sogn og Fjordane Folkemusikklag
tlf.: 47 86 47 82
epost: nikolai@folkemusikklaget.no
 
 
 
 
 
Vedleggsområde