Kontaktinfo
HORDALAND FOLKEMUSIKKLAG
Telefon: 90844662
Epost:
Folkedanskveld i Oseana
Laurdag 13. oktober kl. 19.00 spelar Os Spelemannslag, Spelemannslaget Fjellbekken og visegruppa Konvaljen til dans i Oseana. Musikken kjem til å gå kontinuerleg heile kvelden, berre avbrutt av nokre økter med songleik, ringdans og turdans. Innimellom vert det litt underhaldning.
Oseana Kafé og Restaurant er open frå 18.00 - 21.00, og her kan du kjøpa deg mat når du treng ein pause.
Konferansier: Steinar Bøe. Leikleiar: Oddrun Larsen.
Pris kr. 275,-
Billettar får du på Ticketmaster eller ved inngangen.
Vitj arrangementet på Facebook.
Foto: Os spelemannslag (henta frå elvaosen.no)
Irene Bjørke
2018-10-07