Kontaktinfo
HORDALAND FOLKEMUSIKKLAG
Telefon: 90844662
Epost:
Folkemusikk frå Hordaland på Spotify
Konseptet Slåttify (folkemusikkspelelister på Spotify) har vorte teke godt i mot, og me i Hordaland folkemusikklag tykkja det var på plass med ei eiga speleliste for folkemusikk og folkemusikkutøvarar i Hordaland. Me har freista å plukke ut eit mangfaldig utval for å vise breidde i både slåtteverda såvel som vokal folkemusikk frå regionen. Er det nokre slåttar eller stev du saknar, eller utøvarar/grupper du meiner me har gløymt eller må høyre meir frå? Då har du sjansen til å sjølv leggje til låter i spelelista, sånn at me får eit godt representativt og rikt utval av den rike folkemusikken me har her i fylket. Spelelista vert oppdatert jamleg.
Korleis høyre på spelelista:
Trykk på lenkja nedanfor. Den vil opnast i nettlesaren din i Spotify Web Player, som du må logge inn på. Herfrå kan du leggja til spelelista blant dine eigne spelelister ("follow"). Spelelista er og tilgjengeleg frå Spotify-programmet på datamaskina.
Spotify: Folkemusikk frå Hordaland