Folkemusikk og eksperimentell musikk – er begge delar samtidsmusikk?

Anne Hytta - foto Invild Skeie Ljones

Onsdag 3. oktober foreinar folkemusikk- og samtidsmusikkmiljøet krefter og diskar opp med ein spennande aften i Gimle i Bergen. Her får ein servert musikk frå dyktige og utforskande utøvarar og interessante diskusjonar kring tradisjon og eksperimentering i musikken.  

Vreng er konsertserien kor folkemusikk og samtidsmusikk møtes.

SmalPrat 3. oktober, kl. 19.00 i Gimle

Debatt kl. 19. Konsert kl. 21.
Debatten er gratis. Pris: 100,- for konsert.
Gratis for medlem av NyMusikk Bergen.
Det blir salg av mat kl. 20:00.

 

Del 1: Vreng SmalPrat

Paneldebatt, kor bla. desse spørsmåla blir diskutert: Folkemusikk og eksperimentell musikk – er begge delar samtidsmusikk? Kvifor er det ikkje alltid stuereint i folkemusikkmiljøet å eksperimentera? Har den eksperimentelle musikken einerett på eksperimentet? Er folkemusikk eigentleg samtidsmusikk?

Med gjester frå folkemusikkmiljøet og samtidsmusikkmiljøet i panelet:

Eva Pfitzenmaier, songar og komponist
Benedicte Maurseth, hardingfelespelar og komponist
Anne Hytta, hardingfelespelar og komponist
Solveig Sørheim, organist og komponist
Rolf Erik Nystrøm, saksofonist og komponist
Sigbjørn Apeland, harmonium og komponist
Anette Thorsheim, toradar, påtroppande stipendiat ved KMD
Else Olsen S., pianist og komponist
Asbjørn Storesund, hardingfelespelar og forskar i folkemusikkarva


Del 2: Vreng-konsert:

Thomas Lehn, syntesizere
Tizyana Bertoncini, fiolin
Anne Hytta, hardingfele
Rolf-Erik Nystrøm, saksofon
 

Vitj arrangementet på Facebook.

Foto: Ingvil Skeie Ljones / annehytta.com