Folkemusikk på Fløyen i sommar

Kombinér sommarens bytur med ei herleg konsertoppleving med kremen av norske folkemusikarar. Kvar veke i juli og august vert det folkemusikkonsertar oppe på Fløyen! 

Konsertserien FløyenFolk er tilbake i år igjen, og det vil vere mogleg å nyte folkemusikk av ypperste kvalitet på toppen av Fløyen i Bergen. Kvar tysdag, onsdag og torsdag i sommar vert det dagskonsertar i Fløien Folkerestaurant, og tysdagar vert det kveldskonsertar same staden. Sudan Dudan, Sigrid Moldestad, Sven Nyhus og Gro Marie Svidal er blant musikarane ein kan høyre i løpet av sommaren. Inkludert i konsertbillettane får du ein tur med Fløibanen, og nydeleg utsikt over Bergen by!

Sjå FløyenFolk si nettside for meir informasjon om billettar, program og artistar: FløyenFolk

Tidspunkta for dei ulike konsertane er i tillegg lagt inn i kalendaren vår her på nettsida.