Folkemusikkhelg på Osterøy

Folkemusikkjam

Helga 25.-26. januar kan du få med deg både konsertar, kurs og dans med meir på Osterøy! 

HUSKONSERT MED SANDUM/STUHAUG

Fredag kl 19.30. Ormhaugen

Duoen Ingrid Stuhaug (hardingfele) og Øyvind Sandum (toradar og trekkspel ) inviterer til intimkonsert i stova til Geir og Elin Kleiveland. Øyvind Sandum er ein av dei mest meriterte toradarspelarane i landet og kan skilta med ei rekke sigrar på Landsfestivalen og Landskappleiken både solo og i diverse samansetningar. Er for tida aktuell med Øyvind Sandum trio, Sol i skuggeskog og Lendmenn. Ingrid Stuhaug er ein av dei aller ypperste hardingfelespelarane i landet. Også ho har ei rekkje gode plasseringar frå festivalar opp igjennom og er ei sentral brikke i Gamlebanken spelemannslag.


KURS

Laurdag kl 11-16. Hauge skule.

Instruktørar:

Fele: Ingrid Stuhaug
Torader 1: Øyvind Sandum
Torader 2: Vegard Hansen
Dans: Endre Kleiveland

Leik dans og moro for dei yngste med Maria Skjeldrum Toppe.


KONSERT MED SNAUSTRINDA SPELEMANNSLAG OG SANDUM/STUHAUG

Laurdag kl 18.00. Ungdomshuset på Hauge.

Me får besøk av det velkjende studentspelemannslaget frå Trondheim, Snaustrinda Spelemannslag. Snaustrinda speler eit bredt utvalg av slagere innenfor norsk og svensk folkemusikk, men har også innslag av irsk folkemusikk og swing på repertoaret. Her får du høyre både fele, gitar, trekkspel, klarinett m.m. i folkemusikk på ein utradisjonell og nyskapande måte. Duoen Ingrid Stuhaug og Øyvind Sandum tar også del i laurdagskonserten, til glede for alle som ikkje får plass på huskonserten fredagskvelden. Duoen lokkar med hamborgar, reinlender, skotsk og vals - og tryllar fram sine melodiar med hardingfele, trekkspel og toradar.


KORGAFEST MED DANS OG JAM

Laurdag kl.19. Ungdomshuset på Hauge.

Ta med noko etande, så lagar me til eit fellesbord etter konserten. Etterpå blir det dans og jam.

Ta kontakt dersom ein vil bidra på dansespelinga.


PRISAR

Huskonsert:
Vaksne kr 100,-

Kurs (inkl. konsert/korgafest]:
Vaksne kr 300,-
Born (under 16) kr 150,-

Kun konsert/korgafest:
Vaksne kr 150,-
Born (under 16) kr 50,-

Leik, dans og moro: Gratis


PÅMELDING INNAN 20. JANUAR
E-post: fotland_sindre@hotmail.com Tlf: 976 60 094


Arrangementet på Facebook finn du her.