FYLKESSTEMNA FOR BORN

barnestemne

 Bergen ungdomslag Ervingen, saman med Hordaland Ungdomslag skipar til fylkesstemna for born helga 9.-11. juni 2017. Ein vil med dette invitera alle lag i Hordaland til ei fin helg i Bergen. 

Fylkesstemnet er for dei som dansar, driv med teater, spelar eit instrument, eller held på med anna aktivitet. På stemna vert det ulike aktivitetar, dans, disco, uteaktivitetar, kiosk, underhaldning, ballspel, overnatting på sovesal/klasserom, leik og moro. Håpar du og ditt lag vil koma til oss denne helga.

Stemneprogram, aktivitetar og påmeldingsskjema til stemna vert send ut over nyttår. Me har sett påmeldings- og betalingsfrist til stemna den 28. APRIL 2017.

Vil de vita meir om stemnet ta kontakt.

STEMNEAVGIFT:
Avgifta er kr 800,- for born som er medlem i NU og kr 900,- for dei som ikkje er medlem. Leiarane / føresette som er med skal betale same avgifta som borna.

SAMDANS- / SPELPROGRAM:
Me har laga eit felles program som vert vist ein gong i løpet av stemna. Det vert ei samling for instruktørar i dans og spel, laurdag 28. januar kl. 15-17 i Gimle, Kong Oscarsgate 15.

Påmeldingsfrist 13. januar, til kontoret@bergen.ungdomslag.no

1.       Herr Smett på ring og to og to (etter alder / nivå) (polkatakt)

2.       1-2-3- polka på ring (polkatakt)

3.       Trekrossedans frå Nordhordland (springartakt)

4.       Sekskrossedans frå Melvær (reinlendartakt)

5.       Tauskjerringvisa

6.       Her e me grannar

7.       Pisi og fuglen

8.       Såg du noko til kjerringa mi?

FRAMSYNING, UTSTILLING, KONSERT OSB
Dei som driv med teater, foto, kunst, dans, musikk eller andre aktiviteter er velkommen til å vise dette i løpet av helga. Me håpar mange vil bidra slik at stemna vert mest mogleg mangfaldig!

Helsing
Bergen ungdomslag Ervingen