Gratulera til årets vinnarar av folkemusikk- og folkedansstipend!

Foto: Knut Utler

Under Osafestivalen vart årets folkemusikk- og folkedansstipend frå Hordaland fylkeskommune tildelt Berit Opheim, Maria Skjeldrum Toppe og Silja Solvang.

Det er andre året at Hordaland fylkeskommune sitt stipend for folkemusikk og folkedans vert utdelt. Det vart utdelt eitt hovudstipend, og to mindre stipend på kr. 25.000,-

Hovudstipendet på kr. 50.000,- vart tildelt kvedaren Berit Opheim frå Voss. Juryen seier følgjande om tildelinga:

"Berit Opheim frå Voss er ein av landets aller fremste vokalistar, folkesongarar og tradisjonsberarar. Ho har vunne Landskappleiken 4 gonger og har blant anna sunge med Oslo Kammerkor, Det norske solistkor, KORK, Nils Økland, Sigbjørn Apeland, Rolf Lislevand med fleire.

Attåt å vera ein særs aktiv og ettertrakta utøvar så finn Berit tid til undervisning, og ho ser på det å vidareføra kunnskap til nye generasjonar som særs viktig. Ho har undervist på Ole Bull Akademiet sidan 1989, starta barnekvedargruppe på Voss som ho leia i 11 år og har hatt særs mange kurs, seminar, workshops og mykje privatundervisning.

Berit ynskjer å bruka stipendet til å jobba med ei innspeling av folketonar frå Voss. Folketonane er viktige å dokumentera, samt å gjera dei meir tilgjengelege. Dette er flott musikk som Berit ynskjer å dela med flest mogeleg. Songane har Berit tileigna seg gjennom å læra dei frå eldre folkesongarar, lytta til arkivopptak og jobba med notenedskrifter. Ho har jobba med materialet i snart 30 år og brukt dei på konsertar og i undervisning."

 

Folkedansaren Silja Solvang (f. 1990) fekk eit av stipenda på 25.000,-. Om ho seier juryen:

"Silja Solvang frå Osterøy er ein aktiv dansar og instruktør for born og unge. Ho har teke instruktørkurs i folkedans via Noregs Ungdomslag, gått folkedanslinje på Manger Folkehøgskule og jobbar no aktivt som mellom anna koreograf.

Ho ynskjer å bruka stipendet til å setje seg inn i tradisjonen for halling (både par og laus) i Hordaland. Sidan ho var barn har vore veldig oppteken av hallingdansen, men ho har merka at ho har plukke opp mykje frå austlandet gjennom kurs og film. No vil ho sjå om ho kan finna det som er spesielt for hallingdansen i Hordaland. Samstundes vil ho fordjupa seg i parhalling og sjå om ho kan finna spanande turar og element i dansen. Seinare vil ho bruka det ho finn til å undervise born og unge, og ho tenkjer at det er viktig å vera bevisst sin eigen tradisjon når ein vidareformidlar folkedans. Sidan det er få som dansar halling i Bergensområdet, då spesielt laus, er dette noko som det er viktig å setje fokus på."

 

Hardingfelespelaren Maria Skjeldrum Toppe (f. 1992) fekk òg eit stipend på 25.000,-:

"Maria Skjeldrum Toppe frå Bergen er musikkterapeut i Bergen Kulturskule og Barnas Fysioterapisenter, og driv samstundes med aktiv verksemd som instruktør, utøvar og rekrutteringsarbeidar til folkemusikken. Ho har utdanninga si frå Griegakademiet og har teke instruktørkurs i Norges Ungdomslag, gått Master Class Hardanger med Knut Hamre som hovudlærar i 3 år og har teke etterutdanning innan dans, bevegelse og helse.

Ho ynskjer å bruka stipendet til å dokumentera den musikalske arva etter Finn Vabø. Finn Vabø er ein sentral tradisjonsberar for folkemusikken i Bergensområdet. Han er no ein eldre mann midt i 80-åra, og vert på mange måtar bindeleddet mellom eldre og nyare tid for folkemusikken i området. Bergen, som handelssentrum der mange spelemenn reiste til og frå, er eit tradisjonsområde det kan vera vanskeleg å få oversikt over. Kunnskapen som Finn sit inne med, om både slåttar, spelemenn, historie og tradisjon utover 1900-talet, vil vera særs nyttig for ettertida.

Maria ynskjer å tileigna seg slåttemateriale, diskutera stil og uttrykk – samt å intervjua han om folkemusikken, spelemennene og tradisjonen i Bergensområdet før hennar tid. Eit særs viktig dokumentasjonsarbeid."
 

Hordaland folkemusikklag vil gratulera alle tre vinnarane, og ynskjer lukke til med prosjekta!
 

Foto: Knut Utler/Osafestivalen.no
Juryen si grunngjeving er henta frå Osafestivalen.no