HARDINGFELESAMLING

HARDINGFELESAMLING PÅ OSTERØY FOR DEI  SOM HAR SPELT NOKON ÅR…

01-03.November 2019 

 

Osterøy spel- og dansarlag og Nordhordland spel- og dansarlag skipar til Junior- og Ungdomssamling for hardingfelespelarar i Hordaland, helga 01. - 03.nov. 2019. 

 

For dei eldste ungdommane vert det arrangert kurs, med JOHANNE LØKENSGARD MJØS. Ho spelar både på flatfele og hardingfele. Medan dei yngste lærer å klimpra på ein streng eller to, nokon andre lærer sin første slått, og nokon driv på med dansespel, så skal gruppa med Johanne læra meir avansert slåttemusikk, kanskje lære å lage kule andrestemmer, eller nye arrangement? Hiv deg med, du og..!


Johanne  kjem frå Bergen, og har mange musikalske bein å stå på. Ho er uteksaminert ved Griegakademiet, UiB på fiolin, og har studert hardingfele ved Ole Bull Akademiet. 

På kurset med Johanne Løkensgard Mjøs lærer du nytt repertoar / nye slåttar, nye arrangement. 

Målgruppe for kurset med Johanne: Ungdommar, som har spelt på hardingfela si nokre år. 

I løpet av helga vil det også verte tid til mykje sosialt – samspel og dans. Ta med instrument, liggeunderlag, sovepose, toalettsaker, god humor og godt humør, og det vert garantert ei flott helg.  

 

Stad:                        Haus skule, på Osterøy

Tid:                        01.-03. nov.2019

Avsluttingskonsert for foreldre m.fl.:     Søndag kl. 13.30 – 14.30

Oppmøte:                    Fredag kl. 18.30

Pris (ta med på samlinga):                   300,- for medl. av spelemannslag/FolkOrg

                                                                     350,-  for andre.

Påmelding innan:                 Fortløpande, innan 28. oktober 

 

Søndagen vert det avsluttingskonsert kl. 13.30, der me håpar flest mogleg vil koma å høyra kva me har jobba med denne helga.

 

Har du spørsmål? Eller vil melde deg på?

Ring til Hilde: midtbohilde@hotmail.com / 56391967 / 97504847

eller Gro grovetaas@hotmail.com / 40857578 

 

Hugs å oppgje namn, alder, kor lenge du har spelt, og om du har nokre allergiar, sjukdommar eller anna me treng å vita om.

                                                                                            Beste helsing Hilde og Gro