Kontaktinfo
HORDALAND FOLKEMUSIKKLAG
Telefon: 90844662
Epost:
Hordakappleik på Os igjen
Det er lenge sidan sist Os Spelemannslag arrangerte kappleik. Det var i Fjellheim 2003. No inviterer dei til kappleik i kulturhuset Oseana, og dans i Eldresenteret attmed "Irisen" [i Osøyro sentrum, rett over vegen for Vinmonopolet og Jysk]. Her er alle velkomne, store og små!
Ein viktig del av Hordakappleiken er den såkalla «Sjokoladekappleiken». Dette er ei uformell mønstring for ungar som driv med både spel, dans og kveding. På denne arenaen får dei god trening i å opptre for publikum, slik at dei vert trygg på ei scene allereie i ung alder. Her er det dommarar som rettleier utøvarane, i staden for å gje dei poeng. Og som premie får alle sjokolade, difor «sjokoladekappleik».
I samband med denne sjokoladekappleiken for dei yngste, vert det òg arrangert «dansemoro» for alle born som deltar, og elles alle born i bygda. «Dansemoro» er eit ope og gratis arrangement som vert annonsert i lokalavisa. Til dansemoro treng ein ikkje melda seg på, men berre møte fram til annonsert tidspunkt.
Program
10.00 Stemnekontoret opnar
11.00 – 13.30 Kappleik
13.30 – 15.00 SjokoladeKappleik
15.00 – 17.00 Kappleik
15.00 – 17.00 «Dansemoro» i Eldresenteret
19.00 - Dans og premieutdeling i Eldresenteret
Tevlingane
- Sjokoladekappleik
- Hardingfele klasse A, B, C og D
- Vokal klasse A, B, C og D
- Andre folkemusikkinstrument senior og junior
- Durspel senior og junior
- Gruppespel senior og junior
- Lagspel senior og junior
- Pardans klasse A, B, C og D
- Halling klasse A, B, C og D
(C-klasse for dei som ikkje har fylt 18 år, og sjokoladekappleik for dei under 12 år)
Påmelding kappleik (påmeldingsfrist 10. mars)
Billettar
Kappleik i Oseana:
Vaksne 100,-
Born u/16 år 50,-
Dansekveld i Eldresenteret:
Vaksne (betalt kappleik) 100,-
Vaksne 200,-
Born u/16 år gratis
Deltakaravgift:
Vaksne 200,-
Born u/16 år 100,-
Lagspel/Lagdans 500,- (pr. lag)
Arr: Os Spelemannslag
Kontakt: 952 10 469 / 488 90 813, e-post: mia.fimreite@combitel.no
Nettstad: elvaosen.no