Kontaktinfo
HORDALAND FOLKEMUSIKKLAG
Telefon: 90844662
Epost:
Hordaland sterkt representert på Landskappleiken
Mange hordalendingar var med og tevla under årets Landskappleik i Vågå, og mange gjorde det skarpt. Her finn ein resultatlistene for årets landskappleik.
Mange hordalendingar gjorde det godt på årets landkappleik i Vågå. Blant anna vann desse klassane sine:
Lagspel junior: Bergen juniorspelemannslag
Durspel junior: Embla Forthun Guntveit
Durspel senior: Kristoffer Kleiveland
Dans hardingfele super D: Brit Sørland og Per Øyvind Tveiten
Spel hardingfele super D: Leif Rygg
Gratulera til alle saman! I tillegg må me gratulera Johanne Mjøs som ny A-klassing i fele, og ikkje minst Berit Opheim med finaleplass i vokal klasse A, der kongepokalen i år gjekk til Margit Myhr frå Hallingdal.
Fullstendige resultatlister finn de her.
Nytt av året er at poengskalaen i alle klassane har vorte harmonisert så det er likt i både dans og spel, og skalaen går no frå 0-100 poeng. Ny sum for å få napp i A-klassen er 75 poeng. Det var òg berre fyrste tredjedelen av klassane som vart offentleggjort med plassering og poengsum, resten står i alfabetisk rekkjefølgje. Meir informasjon om oppdatert tevlingsreglement finn de hjå FolkOrg.