Hordamønstring til våren

gimle

Bergen ungdomslag Ervingen inviterer til Hordamønstring laurdag 12. mars i Gimle i Bergen. Her vert det både sjokoladekappleik og kappleik for unge utøvarar, i tillegg til familiefolkedans og dansekveld i etterkant.

Laurdag 12. mars inviterer Bergen ungdomslag Ervingen til Hordamønstring. Det vert fokus på den yngre garde, med sjokoladekappleik, juniorklassar og ein ung seniorklasse (18-26 år). Når mønstringa er ferdig, vert det familiefolkedans, og seinare på kvelden inviterer me til dansekveld. 
Mønstringa og dansen vil gå føre seg i lagshuset til Bergen ungdomslag Ervingen, Gimle, i Kong Oscarsgate 18.

Program for dagen:
11.00-12.00: Sjokoladekappleik
12.00-16.00: Mønstring
16.00-17.30: Familiefolkedans
PAUSE
19.30: Dansekveld og premieutdeling

Prisar:
Deltaking på kappleik: kr 50,-
Deltaking på kappleik + dansekveld: kr 150,-
Publikum på kappleik: kr 50,-/80,-/100,- (born/medlem/ikkje medlem)
Publikum på kappleik + dansekveld: kr 150,-/200,-/220,- (born/medlem/ikkje medlem)
Berre dansekveld: kr 150,-/180,- (medlem/ikkje medlem)
Under 12 år: gratis
(Medlem/ikkje medlem gjeld for medlemskap i alle deltakende lag)


Tevling i følgande klassar:
- Sjokoladekappleik (alle solo- og samspelnummer der alle deltakarane er under 12 år)
- Gruppespel, junior og senior (alle aldre)
- Hardingfele, junior og 18-26 år
- Lagspel, junior og senior (alle aldre)
- Lagdans, junior og senior (alle aldre)
- Laus/halling, junior og 18-26 år
- Pardans, junior og 18-26 år
- Toradar, junior og 18-26 år
- Vokal, junior og 18-26 år

Påmelding finn de på http://paamelding.folkemusikk.no/ . Påmeldingsfrist 12. februar.


Dersom de lurer på noko, kontakt Ida Marie Rognsvåg, på e-post: idamarie.rogn@hotmail.no eller telefon: 41690058.
Oppdateringar kan ein få via Facebook-arrangementet.


Vel møtt!