Juniorsamling på Haus

Osterøy spel- og dansarlag og Nordhordland spel- og dansarlag inviterer til Juniorsamling for hardingfelespelarar i Hordaland, helga 02. - 04.nov. 2018.

Stad: Haus skule, på Osterøy
Tid: 02.-04. nov.
Avsluttingskonsert for foreldre m.fl.: Søndag kl. 13.30 – 14.30
Oppmøte: Fredag kl. 18.30
Pris: 300,- for medl. av spelemannslag/FolkOrg, 350,- for andre (ta med på samlinga)
Påmelding innan 28. oktober

Barna vert delt i grupper, etter nivå, der dei mellom anna vil lære nye slåttar, samspel og speleteknikk. Det vert grupper for dei som akkurat har starta å spela, og grupper for dei som har spelt så lenge dei kan hugsa! I løpet av helga vil det også verte tid til mykje sosialt – samspel, leik og dans. Ta med instrument, liggeunderlag, sovepose og toalettsaker.

Søndagen vert det avsluttingskonsert kl. 13.30, der me håpar flest mogleg vil koma å høyra kva me har jobba med denne helga.

For at denne helga skal gå ganske så knirkefritt, og at me skal oppnå målet om å skape eit miljø blant barna, samt at det ikkje skal verta for dyrt å vere med på samlinga, er me avhengig av hjelp frå foreldra, når det gjeld nattevakt/brannvakt. Håpar at nokon av foreldra kan stilla opp og hjelpa til med dette! Gje ein lyd om du som forelder / føresett kan vere med vera nattevakt i løpet av helga. Me er avhengig av at nokon kan ta på seg denne jobben!

Det vert MGP junior på storskjerm om laurdagskvelden, for dei som har lyst å få med seg dette.

Har du spørsmål? Eller vil melde deg på?
Ring til Hilde: midtbohilde@hotmail.com / 56391967 / 97504847 eller
Gro grovetaas@hotmail.com / 40857578
Hugs å oppgje namn, alder, kor lenge du har spelt, og om du har nokre allergiar, sjukdommar eller anna me treng å vita om.

Beste helsing Osterøy spel og dansarlag / Nordhordland spel og dansarlag