Kine Svori vann Audhild Moxnes sin minnepris under Vestlandskappleiken 2014

DSC_1102 (2)

Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris til unge utøvarar på hardingfele 2014 vart tildelt Kine Svori frå Jostedal, Sogn og Fjordane.

Kine er fødd i 1996 og har spelt hardingfele sidan ho var 8 år. Ho har fått opplæring på hardingfele gjennom fylkesmusikarordninga i Sogn og Fjordane m.a hatt Harald Hesjevoll, Oda Heidi Bolstad og Synnøve Bjørset som lærarar i kulturskulen. Ho har delteke på ei rekke spelekurs og er aktiv utøvar i Jostedal spel- og dansarlag. I tillegg til å spele fele, syng ho. Utøvaren har delteke på ei rekkje kappleikar og fått fine plasseringar, både som soloartist og i gruppespel. Idag er ho er elev ved musikklinja på Vinstra Vidaregåande Skule, som er den einaste vidaregåande skulen i landet med folkemusikklinje. Ho får særs gode skussmål frå skulen. Folk i miljøet ho er i fortel at ho er ei engasjert jente som arbeider strukturert og målretta for å bli betre.

Audhild Flaktveit Moxnes sin Minnepris vart utdelt på Vestlandskappleiken 2014 i Granvin, Hordaland Laurdag 4 Oktober. Prisen er på kr.10 000,- og er støtta av Sparebanken Vest. Prisen vart oppretta etter at den unge hardingfeleutøvaren Audhild Flaktveit Moxnes omkom i ei trafikkulukke i Bergen sentrum.

I tildelingsnemda sit:

Arne Anderdal, Eva-Marie Toppe, Sigrid Moldestad og Solgunn Flaktveit.

Tidlegare vinnarar av prisen:

2007 Alexander Aga Røynstrand, Granvin
2008  Erlend Apneseth, Jølster
2009 Maria Skjeldrum Toppe, Bergen
2010 Ingeborg Hollekim Bringslid, Bergen
2011 Mathilde Skjæret, Jostedal
2012 Nikolai Storevik, Stryn
2013 Marta Lindvik, Ulvik