Kinokveld med folkedans og folkemusikk

Kvar song ei soge

Måndag 30. januar inviterar Bergen ungdomslag Ervingen til kinovisning av den Amanda-nominerte "Kvar song ei soge" på Bergen kino. I tillegg vert filmen "Med hjertet i dansen" vist. Alle folkemusikk- og folkedansinteresserte oppmodast sterkt om å ta turen til Konsertpaleet denne kvelden!

"Kvar song ei soge"
Visninga vert på Konsertpaleet, Bergen kino, i KP2, kl 19.00 mandag 30. januar til kr 120,-  Alle er invitert til å sjå den Amandanominerte filmen «Kvar song ei soge», ein film av Aaslaug Vaa. Opp gjennom hundreåra har songtradisjonen, eller kvedinga, hatt ein viktig plass i norsk kultur. «Kvar song ei soge» er ein film om dei som syng, som set pris på og fører desse songane vidare den dag i dag. Me håpar at alle har lyst å vera med på kinokvelden, og det er sjølvsagt lov å ta med venner og kjende. Kjøp billettar her.

"Med hjertet i dansen"
Bergen ul Ervingen jobbar også med å få til ei kinovisning av filmen "Med hjertet i dansen", om ettermiddagen, same kveld som me ser "Kvar song ei soge". Filmen handlar om gleda i å dansa og ynskjet om å bli god. Men mest av alt om å ha ein ven å støtta seg til når ting vert vanskeleg. For deg som elskar dans - møt tre jenter som ikkje kan leva utan! 

Me inviterar alle interesserte til å vera med oss på kino denne kvelden!

Følg med på www.bergen.ungdomslag.no eller Facebook for å finna ut meir.