KURS FOR UNGDOM, 9.-11.MARS 2012

Voss spelemannslag - logo

Formålet med kurset er å inspirere, ivareta og bringa vidare tradisjonen, lære ungdommen korleis dei kan bruke folkemusikken i samspel, og samtidig ivareta tradisjonen.

Kurset skal vera eit tilbod for ungdomar frå ti år og oppover, som ynskjer å fordjupa seg i tradisjonsmusikken. Det vert tilbod om undervisning i hardingfele, song, toradar og dans. På kurset vil det bli lagt hovudvekt på folkemusikkarrangering, der deltakarane får læra melodiar og korleis dei enkelt kan arrangere desse melodiane innanfor tradisjonelle rammer. Dette krev at deltakarane bør ha spelt på instrumentet sitt i minimum to år.

Instruktørar på kurset:

  • Dans: Haldis Folkedal og Margit Myhr
  • Toradar: Ida Furusæter og Hilde Fjerdingøy.
  • Song: Kari Finne Sognnæs, Berit Opheim
  • Hardingfele: Håkon Høgemo, John Ole Morken, Lajla Renate Storli, Jon Jelmert, Einar Mjølsnes
Voss Husflidskule blir nytta til kurslokale, og deltakarane kan overnatta påVoss Vandrarheim. I tillegg til kursaktivitet legg arrangørane opp til ein intern konsert på Voss Vandrarheim laurdagskvelden, med dans etter konserten. Sundag avsluttar kursaktiviteten tidleg, og resten av dagen vert nytta på ski. Då kan ein velja om ein vil vera med på tur til Heggjava eller vera i skianlegget. Om ein vil i skianlegget, kan ein kjøpa halvdagskort ved Hangursbanen, for meir informasjon sjå på www.vossresort.no.
Påmelding: Innan 17.februar. 
Send påmelding på epost til Ragnhild Blikberg: ragbli@gmail.com
Kursavgift: kr 500,- (For søsken: kr 300,- for fyrstemann, kr 200,- for dei neste)
Pris for mat/overnatting: Kr 895,- per person inkl. 
- 2 overnattingar i 4-6-sengsrom
- 2 standard 2-rettarsmiddag
- 2 frukostar
- 2 nister frå frukostbuffet (det blir òg server frukt og drikke til lunsj)
- sengetøy
Tillegg for overnatting i 2-3-sengsrom er kr 70,- per person per natt .
Enkeltrom kr 145,- per natt.
Last ned kursfolder her: Folder.doc
 
Program: 
Fredag  
1800 Mat
1845 Innkvartering/kursregistrering
1930-21  
   
Laurdag  
10-13 Kurs
13-14 Lunch
14-17 Kurs
1730 Middag
2000 Samspel for kvarandre
  Dans for alle
   
Sundag  
10-1130 Kurs
1130 Lunch
1230 Ski for dei som vil