Kurs i flatfele med Bjørn Kåre Odde

Bjørn Kåre Odde

Bergen juniorspelemannslag arrangerer opent helgekurs i flatfele med Bjørn Kåre Odde helga 16.-17. mars i Gimle.

Bjørn Kåre Odde er en av Gudbrandsdalens fremste folkemusikere. Alt startet i Lom musikk-og kulturskole. Bjørn Kåre er blant dei lysaste stjernene på fele-himmelen. Fødd inn i ei folkemusikkslekt i Garmo, ei bygd med mange landskappleiksigrar. Han hadde vel knapt noko val - han måtte bli spelemann.

Den unge spelemannen er blitt svært ettertrakta som musikar. Han opptrer som solist, og i ensemblespel. Bjørn Kåre har eit repertoar dei færraste kan målast mot. Mange av prosjekta hans ligg i krysningspunktet mellom folkemusikken og den klassiske musikken. Han komponerar mykje variert musikk, frå slåttar til samtidsmusikk.

I 2011 fekk han Fureprisen under Landskappleiken, og fekk same år Øyvind Bergh’s minnepris. I 2013 fekk han TONE-prisen, og i 2015 var han årets unge folkemusikar i lag med Sivert Holmen under INTRO-Folk. Han har vunne open klasse under Landskappleiken, og fekk Folkelarmprisen i 2016.

Målgruppe for kurset: Viderekomne, må ha spelt ein del år for å få utbytte av kurset (ikkje nybegynnar)

PRIS: Kr 250,-
Pris inkluderer KURS & MAT

PÅMELDING: gro@bergen.ungdomslag.no, innen 10.03.19


KURS
Laurdag, 16. mars 2019
Kl. 11.00 – 17.00: Kurs

Søndag, 17. mars 2019
Kl. 11.00 – 15.00: Kurs


Spørsmål? Ring Hilde Midtbø, mob: 97504847