Kontaktinfo
HORDALAND FOLKEMUSIKKLAG
Telefon: 90844662
Epost:
Kurs i kveding og folkesong
Folkeuniversitetet i Bergen arrangerar vokalkurs 25.-26. februar med kveding og folkesong for dei som er interesserte i å læra seg dei gamle songtradisjonane.
I regi av Folkeuniversitetet vil det verte vokalkurs i Bergen helga 25.-26. februar. Kurset er for ungdom og vaksne som vil læra å syngja gamle folketonar, og få ein introduksjon i korleis ein kveder. Songmaterialet vil vera folkesongar frå Vestlandet, her inkludert mellomalderballadar, bånsullar, salmetonar, slåttetralling og stev. Kurset vil gå over 8 timar, fordelt på to dagar. Lærar på kurset vil vera Silje Solberg.
For meir informasjon og påmelding, vitj Folkeuniversitetet si nettside.
Irene Bjørke
2017-01-26