Kurs i springleik

Bygdedanslaget i Bjørgvin og Bergen ungdomslag Ervingen skipar til kurs i springleik.

Tor Stallvik er ein legende i norsk folkedanshistorie. Han er kjend som ein habil dansa og som ein dyktig og fagleg god instruktør.Tor kjem frå Vågå, og er rekna som ein av dei beste tradisjonsberarane av Vågå-springleiken. Med seg har han Erlend Viken, som er ein knakandegod spelmann, eit oppkome av springleikar, og for dei fleste er kjend frå kappleikar og frå duoen Brimi/Viken, som har gitt ut fleire kritikarrosste plater.

 

Dag: 13-15 april 2012

Tid: Fredag kl. 19-22
Lørdag kl. 10-16
Søndag kl. 11-14

Stad: Gimle

Pris: 500 (medl NU/FolkOrg) og 600 (ikkje medl)

Påmelding innan 10. april:
Lagskontoret: kontoret@bergen.ungdomslag.no / 55317446 eller
Brit: soerbrit@online.no /95938568

Bergen ungdomslag Ervingen, Kong
Oscarsgt. 15 / 18, tlf. 55 31 74 46,
kontoret@bergen.ungdomslag.no ,
www.bergen.ungdomslag.no