Kurs og minnekonsert for Jon Velure

hardanger_740x334

I høve 100 års-jubileet til hardangerspelemannen Jon Velure, inviterer Hardanger Spelemannslag til kurs og minnekonsert på Lofthus 7. november. 

I år er det 100 år sidan felespelar Jon Velure vart fødd. Han var ein av skiparane av Hardanger Spelemannslag i 1948. Hardanger Spelemannslag markerar dette med minnekonsert om kvelden, men kurset  «Spel, dans og song - alt på ein gong» går frå kl 1015 som erstatning for kurset som vart avlyst i vår.


Programmet for dagen vert omlag slik:

10:00 – 15.00  Kurs i spel - hardingfele og toradar med vekt på runddansspel, kveding og dans 

12.00 – 12.30  Pause med mat                                          

15.00 – 16.00  Kort presentasjon   av «lærdom»           

Litt  pause

17.00 – 18.30   Matøkt for alle aktive                              

19.30 – 21.00   Konsert m/litt kåseri - Krossvoll             

21.30 – 01.00   Dans på Krossvoll    
                                

Nærare detaljar om kursa og påmelding kjem seinare - følg med på www.hardingfolk.no