Lær folkemusikk på Folkeuniversitetet

Gitar

I haust arrangerer Folkeuniversitetet i Bergen kurs i folkemusikk og folkesong. Kursa er for dei som vil ha ei innføring i norsk folkemusikk og Vestlandstradisjonen. 

Instrumental folkemusikk
For dei som ynskjer å læra seg korleis ein kan framføre folkemusikk på instrumentet sitt, så får ein på dette kurset ei innføring i slåttemusikk og andre melodiar i den norske folkemusikktradisjonen. Dette er eit kurs for dei som er interessert i folkemusikk og allereie meistrar eit melodiinstrument, som t.d. fløyte, gitar, keyboard, klarinett etc. Ein får innføring i dei stiltrekka som kjenneteiknar norsk folkemusikk innan tonalitet, rytme og takt. Lærar på kurset er Silje Solberg.

Tid: kl. 10-14, 23. september-24. september
Stad: Jonas Reinsgate 4
Meld deg på her!

 

Vokalkurs: Kveding og folkesong
Kurset skal gje ei innføring i den norske vokaltradisjonen og songstilen kveding, og tek føre seg sjangrar som stev, bånsullar, mellomalderballadar og salmar. Høver for både vaksne og ungdom. Silje Solberg er instruktør på kurset.

Tid: kl. 10-14, 21. oktober-22. oktober
Stad: Jonas Reinsgate 4, Bergen
Meld deg på her!