LEIARMØTE VK13

REFERAT FRÅ LEIARMØTE PÅ VESTLANDSKAPPLEIKEN I FØRDE 2013

Stad: Rica Sunnfjord Hotell

Tidspunkt 12.oktober kl. 10.30

 

SAK 1. Innkalling .

Til stades:

Sogn og FJ. Fml: Antonia Karete Haugen Kongsvik , Dagrun Hesjevoll

Gamlebanken spm: Ingrid Heieren( kappleiksgeneral)  Åslaug Timenes Bell

Hordaland Fml: Johanna Mjeldheim

UL- Ivar Åsen:   Vidar Underset

Møre og Romsdal fml: Leikny Aasen

Kvemmingen: Dagfinn Kjosås

Gaular Spm: Ole Magnus Mo

Bygdedanslaget i Bjørgvin: Brit Sørland

FolkOrg: Per Øyvind Tveiten

Nordbygda sml: Kjartan Naustdal

Jostedal s.og dl: Oddbjørg Ese

 

Under presentasjonsrunden så vart det snakka om invitasjon til leiarmøte til Rogaland og Møre og Romsdal. I referatet frå 2012 står det at det bør vurderast om desse to laga skal få invitasjon. Dette vart utegløymt i år sidan det ikkje står i vedtektene. Det var einigheit om at dei skal ha invitasjon.  Sidan det er Hordaland og S.og Fj. som hittil har vore tilskiparar av VK, så kan § 23 tolkast som om det gjeld dei to fylka.

Derfor vert teksten i § 23 under punktet leiarmøte endra til:

 

§ 23 I samband med Vestlandskappleiken skal det skipast til eit leiarmøte for alle medlemslaga i fylkeslaga.

Det skal sendast innbyding til fylkeslaga i alle fire fylka på Vestlandet.

 

SAK 1. EVALUERING AV ÅRETS VESTLANDSKAPPLEIK

Tilskiparen Gamlebanken orienterte fyrst om korleis dei hadde valt å gjennomføre kappleiken. Dei hadde avgjort at deltakaren skulle stå i fokus, så ein del val vart gjort utifrå dette. Dei rosa hotellet som hadde vore berre positive, serviceinnstilte og hjelpsame både før og under kappleiken. Sjølve hadde dei hatt ca 50 personar i arbeid.

 

I vedtektene for kappleiken står at i tillegg til ordinære tevlingsgreinar kan ein setje opp tevlinga i alle klassar innan runddans-musikk og dans. Tilskiparen Gamlebanken spele-mannslag hadde valt å gjere dette og det var positivt motteke av alle.  Ein kommentar kom på at ein måtte passe på så det ikkje vart ein rein gamaldansfestival og viste til den opne dansen på kvelden som kunne hatt meir bygdedans. GB viste til at det var få påmelde til dansespelet og ingen solospelemann. Ein må stadig oppfordre laga til å spele meir bygde-dans. Det er viktig at det blir ein blanding av bygdedans og runddans slik at ein ikkje splittar opp dansarane på to arenaer. Viktig å halde det samla for miljøet sin del.

 

Fylkeslaget hadde gjort endringa i tevlingsreglementet i samsvar med vedtektene til FolkOrg. Med å gje høve til å danse lagdans med 4 par og at dansarane kunne danse to gonger, men

med ulike dansar eller i ulik taktart.  Endringane gjorde til at fleire lag deltok og det er positivt for miljøet.

Juniorane fekk høve til å spele i to gonger med same instrument sidan lagspel og gruppespel  var  lagt inn i klassen samspel junior.

Leiar i FolkOrg minna om at ein med lokale tilpassingar slik som ein har gjort her, må ein hugse på at det er dansaren som er kvalifisert og ikkje dansen. Ein A-klasse dansar må danse i A. unntaket er om ein ikkje har delteke på 5 år. Men ein kan ikkje danse i fleire klassar på same kappleiken.

I spørmål om ein kan dømme og delta i den disiplinen ein dømmer i, kan ein ikkje gå utanom FolkOrg sine vedtekter. Det var heller ikkje gjort på kappleiken.

Dansarar hadde reagert på stor spreiing i poenggjevinga i dans. Ein kommentar på at det kunne vere med på at dansarane som opplevde så «låge» poengsummar kunne miste

motivasjon til deltaking seinare. Tilskipar og fylkeslaget viste til at domarane var oppmoda om å bruke heile skalaen i dømminga. Det kom merknad på at ein kanskje kunne bruke gjennomsnitt i utrekninga av poenga. Då ville ikkje skilnaden syne så godt.

På scena vart det brukt dansematte, fordi tilskiparen som hadde prøvd ut scenegolvet , som besto av modular, viste seg å ikkje vere brukbart. Det var delte meiningar blant dansarane på dette og tilskiparen valde etter kvart å la dansarane velje om dei ville danse på scena eller på golvet. Dette vart då ei utfordring for publikum bak i salen som berre såg hovudet på dansarane. Tilskipar hadde avgjort at deltakarane skulle vere det viktigaste i kappleiken og tok derfor mest omsyn til dei og på dette punktet.

Det kom framlegg om at dersom ein i framtida, hadde lokale der det ikkje var amfi eller scene kan vurdere ei løysing med sentralt plassert scene. Då ville publikum bli plassert rundt den og alle fekk sjå utøvarane.

Sjølv om påmeldinga til denne kappleiken var betre enn på lenge, så kom det likevel mange

etterpåmelde. Til slutt måtte tilskipar stoppe å ta inn fleire. Det vart ei utfordring i høve tidsråma, og det vart travelt særleg for speldomarane og publikum som fekk lite pause.

På ettermiddagen laurdag gjekk det i eitt. Tevlingskonserten laurdag kveld med Jens Brekke som ein humørskapande  konferansier vart svært godt motteken av publikum.

Merknadane som kom på dette var at det var positivt at ein tok i mot etterpåmelde. Ein må ha dette i tankane når ein legg opp programmet og vurdere å legge meir til fredagen eller nytte ein del av søndagen. Men ein må oppmode folk til å melde seg på tevlingane i tide slik at det ikkje skapar vanskar for tilskiparen.

Å legge kappleiken på eit hotell slik som på denne kappleiken var positivt i og med at alt er samla på ein stad. Lokalitetane her var yppelege med salongar og høve til å ha kafe` i same området. GB hadde fått til gode avtalar slik at ein fekk kjøpt god og rimeleg mat. Hotellet kunne nok hatt litt betre kapasitet i kafeen, men det må hotellet sjølve ta på si kappe.

Hotellkappleik eller andre lokalitetar må vurderast i kvart tilfelle. Her må takast omsyn til prisar, dyrt/ billig, øvingsrom m.m.

Tidspunk for VK vart drøfta igjen. Det viste seg i år også at folk var forhindra p.g.a haustferie. Det vart ytra ynskje om at kappleiken vert flytta til ei veke før haustferien eller ei veke etter. Også september vart nemnt som eit alternativ. Men uansett så vil ein kollidere med eitkvart anna.  Vedtektene seier at VK skal avviklast i hausthalvåret, så tilskipar står fritt til å velje tidspunkt.  Viktig å gå ut med dato tidleg og drive god marknadsføring.

 

Gamlebanken spelemannslag fekk honnør frå alle, for at dei hadde vore gode tilskiparar som hadde løyst problem dei fekk i fanget på ein god måte, som ikkje nådde publikum. Dei fekk ros for tilboda dei hadde jobba fram med hotellet og på den blide og smilande måten dei tok i mot både deltakarar og publikum på.  Ein god kappleik, der tevlingskonserten vart trekt fram som eit stort høgdepunk, slik den var lagt opp.

 

SAK 2. Vestlandskappleik 2014

Hordaland Folkemusikklag informerte om at Hardanger spelemannslag vil skipe til VK i 2014 i Granvin. Tidspunkt ikkje avgjort endå.

 

SAK 3. Samarbeid om Storkurs, Domarkurs m.m

Fleire av storkursa som ein har samarbeidt om i det siste har vorte avlyst grunna liten påmelding. Det kom merknadar på at ein måtte spisse og tydleg-gjere tilboda. Forskjell på reine «fagkurs» kontra storkurs, der sistnemnde er tenkt meir miljøskapande.

Ein måte å gjere det på kan vere at fylkeslaget samarbeidar med eit lokallag og såleis kanskje er sikra lokale deltakar . Dette kan gjere til at får nok deltakarar og ein slepp å gje eit uheldig signal  på at kurs vert avlyst.

SFF ynskte å prøve med eit nytt domar / tradisjonskurs, med bakgrunn i erfaringane med å skaffe domarar dei siste kappleikane. Kurset som var på» Helga i Bergen i 2011» vart trekt fram som eit framifrå kurs, som ein kunne bruke opplegget til. Det var og ynskje om andre tilbod samstundes, utifrå miljøperspektivet.

Det vart ytra ynskje om «påfyllingskurs « for instruktørar i spel som jobbar med nybyrjarar. SFF gjennomførte eit slikt tilbod som eit dags-kurs. Nye tilbod, men utvida til to dagar samla ikkje nok deltakarar. Er ikkje interessa stor nok?  Det vart presisert kor viktig marknads-føringa er. Det vart ikkje gjort nokon avtale om konkrete samarbeidsprosjekt, men at invitasjonar om tiltak skulle gå ut til alle.

Det vart snakka om kobling mellom musikkskule, lokallag og instruktørar.

Johanne Mjeldheim frå HFKL informerte om eit tiltak dei hadde start opp i Hordaland med å kartleggje og lage nettverk av folk som driv med opplæring i folkedans og -musikk.

 

SAK 4: Ymse.

SFF orienterte om eit tiltak dei set i verk for å prøve å få fleire til å ta på seg danesopplæring rundt i lokallaga. I samarbeid med Spelemannslaget Fjelljom vert det  «Instruktørkurs i dans» i Stryn, med Asbjørg og Arne Sølvberg som instruktørar. Fylkeslaget vil her dra nytte av erfaringar dei har frå sitt mangeårige arbeid for dans i sitt lokalmiljø. SFF vonar at mange vil delta og ser gjerne at yngre dansarar vil vere med. Kurset er 23.-24.november

 

Jostedal informerte om eit danskurs og nabotreff 26.-27 oktober.

Møre og Romsdal har sjokoladekappleik, same helga.

 

Her vart det nok ein gong presisert kor viktig det var å gjere kjent sine tiltak så fort ein har dato, for såleis unngå altfor mange kollisjonar. Og at alle moderne kommunikasjonsverktøy vert nytta.

 

Til å skrive under møte boka vart valt: Brit Sørland og Ole Magnus Mo

 

Referent: Dagrun Hesjevoll (s)

 

Brit Sørland  (s)                                                                Ole Magnus Mo (s)