Minnepris til ung felespelar frå Bergen

Minnepris 2015 Kårhild

AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES MINNEPRIS 2015 er tildelt 17 år gamle Kårhild Husby Nordstad frå Bergen. Prisen, som er på 10 000 kroner, vart delt ut på Vestlandskappleiken i Førde laurdag 10. oktober. 

Kårhild Husby Nordstad får prisen for sitt talent på hardingfele. Ho er ein dyktig utøvar med bakgrunn i Bergen Kulturskole og Bergen Juniorspelemannslag. Ho har vore aktiv i spel og dans i Bergen Ungdomslag Ervingen i fleire år og vist seg som eit stort talent og ein musikalsk pådrivar både som solist og i mindre grupper og spelemannslag. Hun har flere gode plasseringer fra ulike kappleiker, blant anna vann ho yngste klasse på Vestlandskappleiken 2014 og var blant dei tre beste i landet under 18 år på hardingfele på Landskappleiken i 2015.

Formålet med minneprisen er å oppmuntre unge lovande utøvarar på hardingfele frå Vestlandet. Prisen er etablert til minne om Audhild Flaktveit Moxnes som var aktiv utøvar på hardingfele og dansa folkedans. Audhild omkom i ei trafikkulukke i Bergen 19 mars 2004, berre 17 år gamal.

Prisen er støtta av Sparebanken Vest og har vore delt ut sidan 2007.

I styret for minneprisen sit:
Solgunn Margarete Flaktveit, Sigrid Moldestad, Arne Anderdal og Eva Marie Toppe.


For meir informasjon eller spørsmål:

Nettstad:
http://www.bergen.ungdomslag.no/minnepris/
http://www.vestlandskappleiken.no

Snakke med nokon i styret om tildeling: 
Eva Marie Toppe: 97769649 eller Arne Anderdal, tlf. 90165283