Nedlegging av musikklina på Voss gymnas som del av framlegget til skulebruksplan for Hordaland fylkeskommune

DansI skulebruksplanen for Hordaland som no er lagt fram for ålmenta, vert musikklina på Voss gymnas føreslått lagt ned!

For Voss sin del, er framlegget kopla saman med bygginga av to nye vidaregåande skular på Voss. Etter planen skal desse tas i bruk i 2016. Framlegget flyttar rundt på ein del programområder mellom dei to nye skulane, men Musikk, Dans, Drama er det einaste programområdet som er foreslått fjerna.


Musikklina - viktig for mange elevar som markerer seg på den offentlege area[Soft Break]Musikklina har opp gjennom tidene gitt ungdomar på Voss og områda rundt Voss høve til å legge grunnlaget for eit liv i musikken si teneste. Mange av dei som har gått her har vore med å prege norsk musikkliv i årtier, alt frå Kjell Seim, Berit Opheim Versto, Jostein Stalheim, Hildegunn Riise, Halldor Krogh, Ivar Kolve, Laila Kolve, Kåre Opheim til nyare elevar som Mari Persen, Frida Amundsen, Tommy Kristiansen, Benedicte Maurseth og Alexander Røynstrand berre for å nemne nokre. Stadig nye elevar søkjer og mange ungdomsskuleelevar har forventningar, og gleder seg til eit liv på musikklina eller ”linjo” som ho og vert kalla. Innlegga på Facebookgruppa ”Ikkje legg ned musikklina på Voss” inneheld vitneutsegner frå uttallige tidlegare elevar om kva desse åra har hatt å seie. Gruppa har etter ei drøy veke fått nesten 10 000 medlemmer, og snart 3000 personar har signert på underskriftskampanjen ”Nei til nedlegging av musikklina på Voss gymnas” (den desidert største underskriftslista i landet dei to første vekene i mobiliseringsperioden i mai) på nettsida Underskrift.no. Det er ikkje berre innan musikk våre tidlegare elevar gjer seg gjeldande. Mange av dei finn ein innan media, kunst og litteratur – noko som viser at utdanning frå musiklina legg grunnlaget for eit breitt virke innan kultur og samfunn.


Musikklina sitt bidrag til å styrke Voss som regionssenter


Hordaland fylkeskommune ønskjer å styrke regionane i fylket. For Voss og Hardanger er Voss eit slikt senter, noko som vert påpeika i framlegget til Skulebruksplan. Kultur er noko av det viktigaste av det som gir eit samfunn identitet og røter. Dette kan ikkje flyttast på, då mister ein alt dette. Musikkmiljøet på Voss har lange tradisjonar og ein har bygd opp fleire institusjonar som har viktig regional og nasjonal tyding. Musikklina er med på å rekruttere elevar til dette arbeidet. Våre noverande og tidlegare elevar er aktive i m.a. Vossajazzmiljøet, Voss rockeklubb, Ole Bull akademiet, Fossegrimen, Voss Jazzskule, Refleks, skulekorps, musikklag og kor. [Soft Break]I Voss og Hardanger er det eit veksande miljø innan folkemusikk og folkedans. Desse unge utøvarane soknar naturleg til musikklina på Voss, og dei får då óg kontakt med Ole Bull akademiet og deira arbeid.


Det finst døme på stader på Voss sin storleik som har opplevd eit svekka kulturliv når ein legg ned den lokale musikklina.


Dersom det blir ei styrking av Voss som regionssenter, så vil det i alle fall ikkje svekkje søkinga til musikklina, snarare tvert imot![Soft Break]I mange år har musikklina vore ein inngangsport til det aktive ungdomsmiljøet som Vossajazz organiserer. Svært mange av våre elevar trekkjer i retning av jazz i løpet av dei tre åra på vidaregåande.


Det ungdomsarbeidet som vert gjort i rockeklubb, KFUK/KFUK og korps drar nytte av at det er ungdom som får si musikalske utdanning på musikklinja som dirigentar, bandmusikarar og leiarar.[Soft Break]Alt i alt gir musikklina eit viktig bidrag til eit breidt og varierte musikk- og kulturliv på Voss.


Musikklina sitt bidrag til kulturlivet på Voss gymnas


Musikklina held konsertar for vossingane og spelar på oppdrag for lokale og tilreisande verksemder. Mange vossingar har vore på våre framsyningar som ”Rock Around the Clock”, ”Play it, Sam” og ”Schabaang”. Under NM på Ski i vinter var vi på scenene og i bakkane.

• Deltaking i nasjonale og internasjonale sportsarrangement på Voss

• 4-6 offentlege konsertar kvart år

• Større prosjekt med musikk, dans og drama kvart 3.år

• Deltaking på næringslivsarrangement kvart år

• Årlege turnear i heile regionen



Musikklina som del av musikkutdanninga


Musikklina er ein viktig del av musikkutdanninga på Voss og i Hardanger ved at vi vidarefører arbeidet som kulturskulane gjer. Alle kulturskulane i regionen vår sender elevar til oss. Vi har god kontakt med kulturskulane, og dei veit kven dei sender sine talent til.


Mange av våre elevar endar opp på musikkhøgskulen i Oslo, der vi per dags dato har fleire elevar som studerer, vi sender elevar vidare til NTNU og jazzlina i Trondheim, folkehøgskular og andre utdanningsinstitusjonar i Noreg og utanlands. Mange får ei generell kulturutdanning på musikklina som dei brukar til arbeid innan media, litteratur og andre kunstformer. Musikklina samlar talent frå området rundt Voss, som Vaksdal, Ulvik, Eidfjord, Granvin, Kvam og Odda.


Musikklærarane på musikklina bidrar generelt til kulturarbeidet på Voss gjennom konsertverksems og deltaking i kor og orkester.


Reiseveg til Fyllingsdalen.[Soft Break]Musikklina gjer at Voss kan halde på 16-18 åringar. Foreldre på Voss og i Hardanger må i framtida kanskje sende sine ungar i dagleg pendling mellom Voss og Fyllingsdalen (den nærmaste musikklina i Hordaland etter det nye framlegget), eller sende dei permanent på hybel i Bergensområdet. Ein elev frå Granvin vil måtte reise til Voss for å ta toget for deretter å reise til Fyllingsdalen. Valet blir då eit usikkert tilvære på hybel eller eit programområde ein ikkje primært ønskjer. Dette vil også tappe Vossabygda regionen rundt Voss for verdfulle ressursar i kulturlivet. Det er viktige identitetsskapande år for elevane, og vi vil vere med på å forme dei på Voss.



Argumentasjonsliste oppsummert:

• Musikklina sitt bidrag til å vedlikehalde og styrke Voss som regionssenter

• Musikklina som grunnlag for det ålmene kulturlivet på Voss og i regionen

• Musikklina som del av musikkutdanninga mellom kulturskule og høskular

• Lang reiseveg til Fyllingsdalen, eller hybeltilvære