Nytt folkemusikkstipend i Hordaland

Hordaland fylke

Hordaland fylkeskommune lyser ut stipend til utøving og arbeid med tradisjonsinstrument, vokal tradisjon og folkedans. Søknadsfrist 1. september. 

Føremål med ordninga
Satsinga skal oppmuntre til kunstnarleg utvikling og styrke og sikre arbeid med immatriell kulturarv.

Kven kan søkje?
Stipenda kan tildelast musikarar, songarar og dansarar og deg som arbeidar med dokumentasjon, formidling eller instrumentbygging. I vurderinga vert det lagt vekt på kunstnarleg og fagleg nivå og kjennskap til feltet. Søkjar må vere busett i Hordaland.

Kva kan støttast?
Folkemusikkstipend  - eitt stipend á kr 50.000

Folkemusikk Ung  - to stipend á kr 25.000 til søkjarar under 30 år

Det vert ikkje gitt støtte til offentleg godkjend utdanning som til dømes gjev rett til studielån. Stipenda er meint å gje høve til ein periode med fordjupning og / eller fagleg påfyll og utvikling.


Elektronisk søknad og meir informasjon om stipendordninga finn ein på Hordaland fylkeskommune sine nettsider. Søknadsfrist 1. september.