Osterøy spel- og dansarlag og Nordhordland spel- og dansarlag skipar til Juniorsamling for hardingfelespelarar i Hordaland, helga 02.-04.november 2012.

BarnesamlingBarna vert delt i grupper, etter nivå, der dei mellom anna vil lære nye slåttar, samspel og speleteknikk. Det vert grupper for dei som akkurat har starta å spela, og grupper for dei som har spelt så lenge dei kan hugsa!
I løpet av helga vil det også verte tid til mykje sosialt – samspel, leik og dans.

Ta med instrument, liggeunderlag, sovepose og toalettsaker.

Søndagen vert det avsluttingskonsert kl. 13.30, der me håpar flest mogleg vil koma å høyra kva me har jobba med denne helga.



For at denne helga skal gå ganske så knirkefritt, og at me skal oppnå målet om å skape eit miljø blant barna, samt at det ikkje skal verta for dyrt å vere med på samlinga, er me avhengig av hjelp frå foreldra, når det gjeld nattevakt/brannvakt. Håpar at nokon av foreldra kan stilla opp og hjelpa til med dette!

Gje ein lyd om du som forelder / føresett kan vere med vera nattevakt i løpet av helga. Me er avhengig av at nokon kan ta på seg denne jobben!

Stad: Haus skule på Osterøy
Tid: 2.-4. november
Oppmøte: fredag kl 18.00.
Avsluttingskonsert for foreldre m.fl.: Søndag kl. 13.30 – 14.30

Pris(ta med på samllinga): 300,- for medl. av spelemannslag/FolkOrg

350,- for andre.

Påmelding innan: 26. oktober
Har du spørsmål? Eller vil melde deg på?



Ring til Hilde: midtbohilde@hotmail.com / 56391967 / 97504847

eller Gro grovetaas@hotmail.com / 40857578



Hugs å oppgje namn, alder, kor lenge du har spelt, og om du har nokre allergiar, sjukdommar eller anna me treng å vita om.


Beste helsing Hilde og Gro