Referat frå leiarmøte

Vestlandskappleiken 2012

Stad: Lonevåg, Osterøy.
Dato: 7.oktober 2012.


Til stades: Per Øyvind Tveiten (Hfl), Oddvin Haugland (indre sunnfjord spm), Leikny Aasen (Møre og Romsdal fml), Sindre Fotland (Osterøybelgen), Kristoffer Kleiveland (Osterøybelgen), Sondre Seilen (Osterøybelgen), Hilde Midtbø (Osterøy spel- og dansarlag – osdl), Silje M Vevle (osdl), Monika Antun (osdl) og Tuva T Bolstad (Hfl).

Sak 1: innkalling og saksliste. Møre og Romsdal ikkje fått innkalling. Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeslag sender seg imellom, men det bør vurderast om Rogaland og Møre og Romsdal også bør kallast inn til leiarmøte.

Sak 2: oppsummering og evaluering av Vestlandskappleiken 2012.
Planleggingsfasen har vore god, OSDL og Osterøybelgen har jobba godt saman heile vegen. Begge har inngått kompromiss og begge lag har bidratt på ein god og handlekraftig måte. God progresjon. Det er ei utfordring å «blande» kappleiks- og gamaldansmiljøa, til dømes i alle klassane som då er mogleg å tevle i. Ein har slått saman klassar, ein har kutta ut klassar og ein har hatt tradisjonelle klassar. Arrangøren er nøgd med klassane, men ser av påmeldinga at det blir framleis mange små klassar- diverre.
Det har vore ei utfordring med omsyn til økonomi. Det er arbeidskrevjande å finne og leite etter moglegestaderå søkje stønad, kanskje Hfl kunne vere meir ei støtte her. Tradisjonelt har kappleikane vore finansierte lokalt (lokale sponsorar). Det er meir uvanleg at VK har fått stønad frå fylkeskommunen som i år. Men §07 seier at Hfl skal bidra med ei «kappleikspakke», og denne kan ein gjere enda betre og meir tydleg som ei støtte for den lokale arrangøren, også i økonomiske spørsmål.
Det er ei utfordring i få integrert gml-dansmiljøet både med omsyn til kultur og vedtekter, og vi mista i år deltakarar grunna at alle deltakarar skal vere medl i FolkOrg. VK-12 syns dette var leitt og søkte om dispensasjon frå vedtektene her, men fekk avslag. Grunngjevinga for dette var god, og VK-12 aksepterte dette. Men dette vart oppdaga seint, noko som skapte programendringar svært tett opp under kappleiksstart. Eit spørsmål som Hfl kan ta vidare med FolkOrg sentralt: kan påmeldingssystemet også fange opp dette slik at ein kan løyse det på eittidlegare tidspunkt? (kan ein td.Leggje til eit sp om deltakaren er medl – og dersom ikkje kan vedkomande melde seg inn saman med påmeldinga?)
VK-12 elles la stort vekt på born og unge med både musikkverkstad fredag, Sjokoladekappleik laurdag midt i tevlinga. I tillegg har vi lokalt hatt ei «oppvarmingskurshelg» for dei yngste – dette var suksess! Både musikkverkstad og Sjok.kappleik har hatt særs god oppslutning, og vi er særs nøgde med dette. Det er både riktig å setje dette fokuset, samstundes er det gjerne lettare å få stønad når ein har denne vektlegginga av arrangementet.
VK-12 hadde ein hovudkonsert med GamaltNymalt og Sigrid Moldestad og Sigbjørn Apeland, men grunna Einar Mjølsnes fråfall vart konserten ein trio. Konserten vart særs god og hadde godt med publikum! Vi hausta godord for å ha rabatt for dei med gjennomgangsbillett. Framtidige arrangørar bør tenkje på å søkje kommune el fylkeskommune om underskotsgaranti for konsertar sidan dei gjerne er kostbare totalt sett.
Positive tilbakemeldingar fekk vi også på folkemusikkpuben, denne var passe stor og hadde god stemning, og vi tente også på sal i staden for ”lekkasje” til hotell slik ein gjerne elles ser.
Matkomiteen har jobba godt og hatt fine prisar. Campingtilbodet var kan hende noko dyrt.
Arrangørmessig har den største utfordringa vore å imøtekome ynskjet om å ta imot påmelding heilt til og med kappleikshelga. Då det var tevlingar på to arenaer parallelt, vart logistikken ei løpande utfordring særleg med omsyn til fele-dommarane. Vi fekk til dømes 5 etterpåmeldte i ein klasse og 3 grupper avmeldt i ei anna klasse som skulle gå parallelt, og det førte til litt venting på eine arenaen. Tips til framtidige arrangørar: ikkje legg parallelt lagspel og lagdans, dette involverer mange, og vi fekk mange kollisjonar på dette laurdag formiddag – då kokte det regelrett i registreringa! Men vi fekk løyse det smidig, og publikum såg ikkje ut til å få dette med seg. Ein bør setje endeleg frist seinast 1 veke før start for å få eit smidigare program når arrangementet blir så stort som i år. Vi planlagte reigstrering og øvingsrom på eine huset for å halde oversikta, men gjorde om på dette etter pausen slik at vi registrerte og opna øvingsrom på båe skular. Dette førte til betre avvikling for sekretariatet og deltakararne.
Teknisk avdeling har gjort ein god jobb! Gode arenaer, lys og lyd. Ein ynskjer kan hende om mogeleg litt meir lys i sal slik at ein kan lese program. Fint pynta lokale!
NRK kom fredag ettermiddag gledeleg nok, men for vår del førte det at dommarar og konferansierar vart overlatt til seg sjølve. Det er krevjande for arrangøren – NRK tek styringa og VK-12 måtte snu seg rundt og ta pausar i tevlingane to gonger grunna direktesendte innslag. Vi er likevel nøgd med både innslaga og handteringa av dette.
Hfl: eksperimentet med kappleiksfestival var vellukka. (FolkOrg bør meir inn i torader/runddansmiljøet). Koplinga med ODSL og Osterøybelgen var god. Gode klassar i årets VK, men kan hende bør også runddansen (danseklassen) også inn i tevlinga. Økonomien kjenner vi ikkje så langt, dette blir spanande. Arrangørlaga viste endringsvilje og tok utfordringar med eit smil. Fin og effektiv premieutdeling med fine premiar. Veldig bra at vi fekk inn NRK
Det har vore god deltaking med unntak av dans og vokal. Dette må folkemusikkmiljøet og FolkOrg arbeide med vidare. Tips: immateriell kulturarv er viktig i museumsinstitusjonane i dag, og ein finn døme på at ein gjerne bruker deler av stillingar til leikarring-instruktører.

Referent, Monika Antun 9. oktober 2012.