Kontaktinfo
HORDALAND FOLKEMUSIKKLAG
Telefon: 90844662
Epost:
ROSE på turné i Hordaland
Robert Burns levde på slutten av 1700-talet, men er framleis ein av dei mest elska songpoetane i verda. No har den fargerike musikaren og musikkmakaren Gabriel Fliflet dikta heilt nye tonar til mange av Burns sine songar, i fabelaktig omsetjing til norsk av Johannes Gjerdåker.
Det nykomponerte verket til Fliflet har fått namnet Rose etter A Red, Red Rose – den mest kjende songen til Burns ved sida av Auld Lang Syne. Rose er eit tingingsverk til Vossajazz 2016. Med utgangspunkt i danserytmar som gangar, vals, springar og reinlendar vil grunntonen kvila i norske tradisjonar. Klangar og tonesprang frå fjernare himmelstrøk vil nok likevel òg trenga seg på.
I Rose får du høyra mange vakre kjærleikssongar, til tonefølgje av langeleik og piano eller kanskje munnharpe og fele - men òg burleske og viltre viser med svingande gitar og pumpande trekkspel!
Kirsten Bråten Berg – song, munnharpe, egg
Anders Røine – langeleik, gitar, fele, munnharpe, song
Gabriel Fliflet – trekkspel, piano, song
Konsertar:
Søndag 23. oktober kl 19.00: Hordaland Teater (Logen, Øvre Ole Bulls plass 6), BERGEN
Tirsdag 25. oktober kl 19.00: Musikkens vener, Nordhordland folkehøgskule, FREKHAUG
Torsdag 27. oktober kl 19.00: Kunsthuset Kabuso, ØYSTESE
Fredag 28. oktober kl 19.30: Hardanger Folkemuseum, UTNE
Konserten er støtta av Norsk Kulturråd
Pressefoto av musikarane: Vidar Herre