Kontaktinfo
HORDALAND FOLKEMUSIKKLAG
Telefon: 90844662
Epost:
Seminar for instruktørar innan folkemusikk og folkedans
Seminaret er meint som fagleg påfyll, inspirasjon og ikkje minst ein møtestad for instruktørane for debatt og erfaringsutveksling.
Fredags kveld vert ein meir generell del om rekrutteringsarbeid før me tek eit meir djupdykk i undervisninga på laurdagen. Det er råd å berre vera med fredags kveld dersom det er nokon som ynskjer det (t.d. leiarar i lokallag og andre).
Tid: Fredag 24.-mars kl. 1700 - Laurdag 25.mars kl. 1600
Stad: Ole Bull Akademiet på Voss
Deltakaravgift kr. 500.
Deltakaravgift kun fredag kr. 200
Pris på overnatting på Ole Bull Akademiet inkl. frukost: kr. 490
Pris på middag på fredagen og lunsj laurdagen kjem.
Påmelding innan 10.mars til rannveig@olebull.no Tlf.nr. 47291012
Innleiarar:
Linda Skjerping (toradar):
Linda bygd opp eit unikt toradarmiljø på Osterøy gjennom 25 år, og har motteke mange prisar for sitt arbeid med dei unge toradarspelarane på Osterøy. Utøvarane har ikkje berre vore mange opp igjennom åra, dei er også særs gode og syner godt att på resultatlister i nasjonale meisterskap og nokre har også valgt toradaren som leveveg. Linda er kulturskulelærar med anna jobb attåt, men har likevel hatt tid til å gjera Osterøy til ein toradarkommune. Kva er Linda sin metode?
Unni Boksasp (song):
Unni er nordmøringen som flytta til Tinn i Telemark. Attåt å vera ein ettertrakta profesjonell utøvar og mykje på turné så er ho særs aktiv i lokalmiljøet og har mellom anna 39 kvedarelevar og danseopplæring for 50 ungdom saman med Torbjørn Rua Dokken. Tinn Spelemannslag vart i 2016 kåra til årets lokallag i FolkOrg for mellom anna sitt arbeid med å få opp rekrutteringa. For knapt ti år sidan så var det nesten ingen som dreiv med folkemusikk og folkedans i Tinn. No har dei ei gruppe på 70 aktive ungdomar innan dans, spel og song. Samarbeid kulturskule, spelemannslag og lokalmiljø er stikkord her. Korleis jobbar Unni og korleis jobbar dei i Tinn Spelemannslag tru?
Elna Føleide Selle (hardingfele):
Bergen Juniorspelemannslag imponerte i haust i Den Norske Opera i Oslo som vinnarar av lagspel junior under Landskappleiken 2016. Elna Selle er leiar for laget og har vore ansatt som lærar på hardingfele (og fiolin) i Bergen Kulturskole sidan 1997. Elna kan gje eit interssant innblikk i korleis ho nyttar Suzukimetodikk i undervisninga og korleis ho gjennom systematisk jobbing har gjort Bergen til eit av dei mest aktive hardingfelemiljøa for barn og ungdom i Noreg.
Stian Roland (Dans):
Dansaren og kvedaren frå Øystre Slidre i Valdres har blant anna vore dagleg leiar for Strunkeveko (eit av landets største sommarkurs i folkemusikk og folkedans for born og unge) i fleire år. Han har jobba med prosjektet Bygda dansar i Oppland, vore koreograf i same prosjektet i Telemark fylke, og involvert i prosjektet i Akershus. Allsidige Stian har bygd opp halling/ folkedanstilbod i kulturskulen og drive med musikkbarnehage med lokal song og dansetradisjon. Han har undervist på utøvarstudiet i tradisjonsdans ved NTNU, og han er no instituttleiar ved Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk på Rauland (Høgskulen i Søraust-Norge).
Dei vil fortelje om si verksemd som instruktørar med stikkord som: Kva er det som gjer at ein lukkast? Kvar hentar ein inspirasjon både til seg sjølv og til elevar/spelemannslaga? Kva er målet med opplæringa, og kva lærer me bort? Gode tips, triks og råd!
Program:
Fredag 24.mars
1700-1730: Unni Boksasp: Om sitt arbeid med kvedarane i Tinn og generelt arbeid i Tinn Spelemannslag.
1730-1800: Linda Skjerping: Suksessfaktorar i toradarmiljøet på Osterøy
1800-1815: Pause
1815-1845: Stian Roland
1845-1915: Elna Føleide Selle: Om opplegget kring Bergen Juniorspelemannslag og aspirantane
1915-2000: Spørsmål til innleiarane og debatt
2000: Middag
Sosialt samvær og jamming resten av kvelden
Laurdag 25.mars
0900-1000: Frukost
1000-1100: Elna Føleide Selle - føredrag for alle songarar/instrumentalistar. Opplegg for den individuelle undervisninga. Suzukimetoden og instrumentalopplæring (kring 30 min innleiing og kring 30 min. spørsmål og diskusjon)
1000-1100: Stian Roland - danseverkstaden startar
1100-1115: Felles pause
1115-1200. Delt inn i grupper song, toradar/trekkspel, fele og dans
1200-1300: Lunsj
1300-1345: Delt inn i grupper song, toradar/trekkspel, fele og dans
1345-1400: Pause
1400-1530: Plenumsdebatt og erfaringsutveksling. Tema vert satt ut frå ynskje frå seminardeltakarane og kva som har dukka opp i dei ulike gruppene.
(Mogelegheiter for endringar før seminaret)
Tekst og bilete henta frå Hardingfela.no