Shetlansk kulturkveld i Nordhordland

Shetland fiddlegroup

21. og 22. august har ein sjansen til å oppleve shetlandsk kultur i Nordhordlandsområdet. 28 musikere og handverkarar frå Shetland kjem og bidrar til kulturutveksling med folkemusikk og handverk fra Shetland. 

På kulturkveldane får ein mellom anna innsikt i shetlansk handverk ved Shetland Guild of Spinners, Knitters, Weavers & Dyers. Dei vil demonstrera strikketeknikkar, og det vert utstilling av strikkeprodukt frå Shetland. 

Karin Flatøy Svarstad vil halde føredrag der ein kan verte nærare kjent med Shetland. Ho har vore i Vesterled i meir enn 20 år, og vil vise bilete og fortelje om øyene. 

Og det vert sjølvsagt konsert med musikk av Northmavine Fiddle and Accordion Club frå Shetland. Dei ynskjer gjerne å møte norske musikarar medan dei er her!

Kulturkveld vert arrangert på følgjande stadar:

21. august kl. 20:00 på Alver Hotel, Alversund 

22. august kl. 18:30 på Sandneskaféen, Masfjordnes

Pris: kr. 200,-

Hjarteleg velkomen!