Kontaktinfo
HORDALAND FOLKEMUSIKKLAG
Telefon: 90844662
Epost:
Siste nytt
GODE FOLKEMUSIKKVENER!
Vel overstått Vestlandskappleik!
Takk til arrangørane Gaular & Dalsfjorden saman med fylkeslaget i Sogn & Fjordane!
Takk og for at det vart gjeve rom for ein solokonsert til Håkon Høgemo fredagskvelden – eit høgdepunkt for oss som fekk vera der! Med godt publikum og tid til å forma eit program som hang saman trur eg at det var triveleg også for Håkon.
Nye vedtekter for Vestlandskappleiken vart vedtekne med små korreksjonar i høve til det som var utsend. Dei blir sendt ut saman med referat frå formannsmøtet så snart det ligg føre. Audhild Moxnes Flaktveit sin minnepris gjekk i år til ein av dei unge, ivrige og lovande frå Sogn og Fjordane – Mathilde Skjæret frå Jostedalen. Vi gratulerar!. For neste år kan de byrja gle dykk til Osterøytur – Osterøy spel og dansarlag og Osterøybelgen har saman teke på seg VK12. Fint at gode krefter søkjer saman og tek ufordringa! Elles måtte vi som de vel har registert kasta inn handkle’ for det tillyste storkurset i Bergen. Synd, men vi er trygge på at det vart rett med avlysing .Men ideen er ikkje død – vi vonar å koma sterkare att ved seinare høve!
Vi er takksame om laga og medlemene sender innlegg på heimesida vår!
Så minner vi til slutt om neste søknadsfrist for tilskot til aktivitetar/kurs: 1. november.2011
God haust vidare!
Helsing HFL/ Per Øyvind Tveiten