Kontaktinfo
HORDALAND FOLKEMUSIKKLAG
Telefon: 90844662
Epost:
Siste nytt
GODE FOLKEMUSIKKVENER!
Julekonsertar og romjulsdansar av ymse slag er då i hamn, og vi rettar siktet mot våren/sommaren med tilhøyrande aktivitetar!
Det blir årsmøte for HFL onsdag 28.mars, i Bergen (truleg Gimle).
Årsmøtepapir blir sendt ut til laga 3 veker på førehand.
Saker som de ynskjer å ta opp på årsmøtet skal meldast skriftleg til styret innan 31.januar, jfr.§4 i vedtektene .
Aktivitetsplan for 2012 framgår i ref. frå førre styremøte; - hovudpunkt er
1) Samrådingsmøte med laga . BUL Ervingen har 23-25 mars leiar- og instruktørhelg med tilhøyrande dansekveld laurdag 24.3. Kanskje ein ide å ta samrådingsmøtet laurdag ettermiddag og delta på dansekvelden etterpå?
2) Årsmøte: som nemnt 28.mars
3) Årsmøte FolkOrg. Det blir på Riksscenen i Oslo i år., og som eit av dei interessante tema er høyringa om LK/LF sin vidare skjebne. Jfr. uttale frå HFL (vedlegg) og info frå FolkOrg (vedlegg).
4) Som det går fram av info. frå FolkOrg blir det ”storkurs” i deira regi til hausten, og det blir i Bergen . Kan blir bruk for ”lokale krefter ” (dvs . Hordalandskrefter) i samband med arrangementet. Meir nytt kjem etter kvart!
5) Jubileum. HFL rundar 30 i år, og vi planlegg ei høveleg markering av det! Mest sannsynleg blir det seinhaust (november) , etter at storkurset til FolkOrg og VK12 er vel i hamn. Kom gjerne med innspel til innhald/stad etc. om det!
6) Og så er Osterøy spel& dans&Belg i god gang med VK12 i oktober.
Ha ein fin vinter vidare;- det er god aktivitet rundt om i laga som kan høva som inneaktivitet når de ikkje er ute i vinterlandskapet!
Helsing HFL/ Per Øyvind Tveiten