Søk på folkemusikkstipend

Foto: Knut Utler

Hordaland fylkeskommune gjev ut fleire stipend til utøving og arbeid med tradisjonsinstrument, vokal tradisjon og folkedans. Søknadsfristen er 1. juni.

Stipenda kan tildelast musikarar, songarar og dansarar, og deg som arbeidar med dokumentasjon, formidling eller instrumentbygging. I vurderinga vert det lagt vekt på kunstnarleg og fagleg nivå og kjennskap til feltet. Søkjar må vere busett i Hordaland.

Folkemusikkstipend - eitt stipend á kr 50.000

Folkemusikk Ung - to stipend á kr 25.000 til søkjarar under 30 år

Det vert ikkje gitt støtte til offentleg godkjend utdanning som til dømes gjev rett til studielån. Stipenda er meint å gje høve til ein periode med fordjupning og / eller fagleg påfyll og utvikling.

Les meir om stipenda og søkekriteria på Hordaland fylkeskommune sine sider.

 

Bilete: Fjorårets vinnarar, Berit Opheim, Silja Solvang og Maria Skjeldrum Toppe. Foto: Knut Utler