Søker kandidatar til Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris for 2016

Audhild

Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris til unge utøvarar på hardingfele vert i år delt ut for 10. gong. Styret for minneprisen ber om å få inn forslag på unge utøvarar på hardingfele som vil vera aktuelle som kandidatar til prisen.

Formålet med minneprisen er å styrke interessa for utøving på hardingfele mellom unge, og slik oppmuntra til varig interesse for spelet. Minneprisen skal delast ut til ein lovande utøvar på hardingfele. Personen skal vera i alder som svarar til C-klassen på kappleik, og vera frå Vestlandet. Det skal vera eit personleg stipend. 

Minneprisen skal delast ut på Vestlandskappleiken 2016, og er på kr.10.000,-. Kappleiken finn stad i Bergen, 30.9. - 02.10.2016.


FRIST for innsending av forslag er 12.9.2016.

Forslag skal sendast til:
Bergen ungdomslag Ervingen, Kong Oscarsgt. 15, 5017 Bergen
E-post: kontoret@bergen.ungdomslag.no

Merk konvolutten/e-posten ”Minnepris 2016”.

For meir informasjon, sjå www.bergen.ungdomslag.no/minnepris/