Spelemannshelg på Rauhelleren Turisthytte

Spelemannshelg

21.-23. april vert det spelemannshelg på Rauhelleren Turisthytte, så finn fram skia og sett av datoen!

Folkemusikken har vore ein naturleg del av livet til alle som har levd kring Hardangervidda og det finst mange historiar om spelemenn som har gått over vidda for å lære slåttar eller for å spele i bryllaup på andre sida. Både i Telemark, Numedal, Hallingdal og i Hardanger er det svært rike tradisjonar og mange som framleis utøver tradisjonsmusikken. Rauhelleren, som ligg midt i mellom vert soleis ein perfekt møtestad.

Spelemannshelga er eit unikt tilbod der folk i alle aldrar kan samlast og nyte og oppleve god mat, konsertar med profesjonelle folkemusikarar og fantastiske naturopplevingar på tvers av generasjonar, midt inne på Hardangervidda, langt frå støy og sivilisasjon. At det vert arrangert på ei hytte langt inne på fjellet gjer til at det vert ei heilt spesiell stemning og eit nært band mellom alle som er der.

Her finn du program og prisar.

Facebook-arrangement

Nettsida til Rauhelleren Turisthytte 

Kontakt:

Rauhelleren Turisthytte, Hardangervidda.
post@rauhelleren.no
+47 415 50 404

Hardanger Kulturverkstad, Granvin
roynstrand@hotmail.com
+47 906 26 084