Stor gamaldansfest med lunsjbuffet

Eidfjord kulturkomité inviterar til lunsjbuffet og gamaldansfest med Kvinnherad folkemusikklag på Quality Hotel Vøringfoss laurdag 28. oktober. 

I høve at Eidfjord Kulturkomité i haust feirar 10-årsjubileum, har me den store gleda av å invitera godtfolk i nabobygdene til festføremiddag på Quality Hotel Vøringfoss.Vøringsfossen hotell - Foto frå hardangerfjord.com Kulturkomitéen er fire privatpersonar, og i desse ti åra har me hatt som oppgåve å arrangera kulturell underhaldning for vaksne og ekstra godt vaksne. Så no lyt me feira!

Me inviterar deg difor til lunsjbuffet og underhaldning frå klokka 12 til 15 den 28. oktober, ja akkurat i denne tida då det vert mørkare dagar og ein treng å hyggja seg litt ekstra. Me tenkjer at dette er ein dag ein kunne få seg ei flott utflukt til Eidfjord, ja ikkje minst om ein er glad i svingande gamaldansmusikk, god mat eller er med i eit lag eller liknande. Kanskje kan foreininga samla seg til ein eidfjordtur?

Kvinnherad fml - foto: kulturkomiteen i Eidfj.Klokka 12 står lunsjbordet klart i restauranten på hotellet, og ein times tid seinare trekk me inn i Kultursalen Eio, der det vert underhaldning og dans til tonane frå Kvinnherad Folkemusikklag. Denne herlege musikkgjengen tek turen til oss for å dra opp stemninga her inst i fjorden, så her kan ein velja om ein vil lena seg attende med eit glas vin eller mineralvatn og sjå på dansen og lytte til livlege taktar, eller om ein vil svinga seg på dansegolvet. Så dette vert verkeleg ein fin føremiddagsfest for alle som vil koma i godt humør denne oktoberlaurdagen.

Billettsalet har starta. Billetten kostar 250 kroner, og dette meiner me må vera ein flott pris for båe lunsjbord og underhaldninga. Men merk deg altså at det er førehandssal av billettar på hotellet, så gå innom og skaff deg ein av dei berre 90 billettane. (Bur du langt unna, så ta kontakt med hotellet.) Du kan ikkje regna med at det er billettar attende når vi kjem til den store dagen i oktober, så ver rask. Billettprisen er den sama uansett om for «pakka» med lunsj+underhaldning , eller om ein berre skal ha lunsj eller berre ta del i underhaldninga. (Ta godt vare på billetten din, for den lyt visast båe ved lunsjbordet klokka 12 og i døra til Kultursalen når Kvinnherad-folket spelar opp litt etter klokka 13.) (Drikke kjøper ein i tillegg.)

Så snakk med vener, naboar og kjende allereie i dag, og løp til billettutsalet.
Førehandssal på Quality Hotel Vøringfoss.
Telefon 53 67 41 00, q.voringfoss@choice.no (viss det gjeld billettsal)

Vær hjarteleg velkomne!

Med helsing frå arrangøren Eidfjord Kulturkomité
kulturkomiteen@outlook.com (viss det gjeld noko anna enn billettsal)
Fylg gjerne Kulturkomitéen på Facebook og på Twitter for informasjon.
Eidfjordbloggen: http://eidfjordbloggen.isay.no

 

Foto av Quality Hotel Vøringfoss: Fotograf Senderud AS (frå hardangerfjord.com)
Foto av Kvinnherad folkemusikklag: Eidfjord Kulturkomité (frå Twitter)