Stordanskveld

stordanskveld

Stordanskveld på Schøtstuene i Bergen 29. september. Ein heilaften med dans til gamle songar om store kråker, unge møyar, riddarar og stormfulle reiser!

Stordans (eller færøydans, balladedans osb) blei dansa over heile Europa i mellomalderen, og har overlevd i levande tradisjon på Færøyane fram til våre dagar. Det var Hulda Garborg som tok med seg dansen til Noreg for over 100 år sidan.

Bergen ungdomslag Ervingen gjentar suksessen frå i fjor og året før! Dato er sett, Schøtstuene er tinga. I år igjen skal ein vie ein heil kveld til songar om store kråker, fulle mannfolk, kvinner som reddar brørne sine, store kjemper, riddarar som døyr og elvekongar som lokkar jenter. Berre å begynne å pugge, og ein treng enno fleire skiparar!

18.30: Dørene opnar
19.00: Grauten vert servert
19.30: Songen tek til
21.00: Kaffi og frukt
21.30: Songen tek til att
00.00: Avslutting

 

Billettar finn de her på Ticketco.

Vitj arrangementet på Facebook.