Kontaktinfo
HORDALAND FOLKEMUSIKKLAG
Telefon: 90844662
Epost:
Styremøte 1-2017
Styremøte HFL 15.02.2017
Tilstades:
Silje Solberg, Åsviv Reigstad (via Skype) og Irene Bjørke.
1. Rekneskap 2016 og budsjett 2017
Rekneskapen for 2016 er ferdig og klar til å sendast til revisor. Forslag til budsjett 2017 er ferdigstilt. Kr. 10 000 av det som opprinneleg var meint å gjevast i tilskot 2016, men som ikkje vart bevilga, vert overført til løyvingspotten i 2017.
2. Søknadshandsaming
Styret valte å gje tilskot til følgjande prosjekt i denne tildelingsrunden:
Folkemusikkmesse på Osterøy: kr. 10 000,-
Hordamønstring i Granvin: kr. 4000,-
Instruktørseminar på Voss: kr. 4000,-
3. Tid og stad for årsmøtet
Det er vedteke at årsmøtet i HFL vil verte måndag 20. mars, kl. 18:30-20:30. Staden er enno uavklart, men ein freistar å halde det i Kvam (Øystese eller Nordheimsund).
4. Årsmelding 2016 og arbeidsplan 2017
Årsmelding for 2016 vart gjennomgått og ferdigstilt. Forslag til arbeidsplan for 2017 er klar.
- 5. Oppliva Hordakappleiken
Styret vil fremja forslag på årsmøtet om å gjenoppliva Hordakappleiken, der HFL er eigar. Målet er å sikre at kappleiken vert arrangert kvart år, og HFL skal derfor sørgje for å finne arrangørlag.- Ein må laga eigne vedtekter viss forslaget vert vedteke på årsmøte.
- Det må avklarast kva rolla til HFL skal vera utover å finna arrangørlag kvart år: skal me finna dommarar, skal me bevilga ein fast sum til kappleiken kvart år, andre ting?
6. Workshop med shetlandske og norske folkemusikarar
HFL har fått ein førespurnad om å arrangera workshop med shetlandske og norske folkemusikarar i Bergen i juni, i samband med besøk frå dei britiske øyer. Styret i HFL ynskjer ikkje å ta på seg å arrangera workshop sjølv, men sender invitasjonen vidare til aktuelle lokallag.
Referent: Irene Bjørke